Babysong er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus. Her frå årets sommaravslutning på Vestvik.
Babysong er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus. Her frå årets sommaravslutning på Vestvik. FOTO: PrivatBilde 1 av 4
4. og 5. klassingar i kommunen blir inviterte til å vera med på dramavandringa «På sporet av Jesus».
4. og 5. klassingar i kommunen blir inviterte til å vera med på dramavandringa «På sporet av Jesus». Bilde 2 av 4
Fest på stranda etter dramavandringa.
Fest på stranda etter dramavandringa.Bilde 3 av 4
Ei helg i september var det leir for 8. klassingane i Sveio kyrkjelyd på Vigdarheim leirstad.
Ei helg i september var det leir for 8. klassingane i Sveio kyrkjelyd på Vigdarheim leirstad.Bilde 4 av 4

Innsamling til kyrkja sitt arbeid for barn og unge

Oktober har dei siste åra vore månaden då kyrkjelydane har laga til basar til inntekt for arbeidet blant barn og unge. I desse tider med restriksjonar i samband med korona, ser me ikkje at me kan ha eit basararrangement på ein trygg måte.

Mykje av arbeidet med barn og unge har me fått gjort også dette året. Bøker, materiell og biblar blir delt ut til barna, trass i koronasituasjonen. Arrangement har me, så lenge me kan gjera det forsvarleg når det gjeld smittevern. Det jamlege arbeidet som barnekor, babysang, Tweensklubb, Kyrkjechill, Sveising, konfirmantarbeidet og leiarkurs for ungdom er i drift.

Inntektene frå kyrkjelydsbasaren har vore viktige bidrag til å dekka kostnader ved arrangement og utdeling av gåver og bøker til barn. Eksempel er gåver til dåpsdagar, 2-årsbok, 4-årsbok, 6-årsbok og Bibelen til 5. klassingane. Ein del av basarinntektene går og til barnekora.

I år vil kyrkjelydane gå for ei innsamling istadenfor basar. Kanskje vil du vera med å støtta arbeidet med ei gåve? For informasjon om vippsnummer og kontonummer, sjå eiga annonse i Vestavind.

Kyrkjelydane i Sveio