Ivar Nygaard

Førestilling om kvinnene som reiste med misjonærbåten i 1876

«Brudebåten» handlar om kvinner. Kvinner med kall, kvinner med makt og kvinner langt heimefrå. Forteljingane er ei blanding av faktiske hendingar, tolkingar og tradisjonelle historier.

Inspirasjonen til denne forteljinga kjem frå Sveio og boka om Arne Valen: «Eitt liv – mange soger». Åtte kommande bruder forlet Stavanger 1. mai 1876 med «Elieser». Målet er Madagaskar og ugifte misjonærer der, som nå skal få si brud.

Guri saknar Tobias og har ein draum om erkeengelen Rafael. Louise drøymer om misjonsskip. Lina og Dorthea reiser med «brudebåten» Elieser til misjonsmarka for å bli gift. Frances lengtar etter obersten. Han skulle straffa Zuluene, men kom aldri tilbake. Ei forteljing om kvinner med kall, kvinner med makt og kvinner langt heimefra.

Ei forestilling om strev, spenning og lengt, om tru, håp og kjærleik. «Brudebåten» er den tredje forteljinga om dei norske pionermisjonærane som reiste til Zululand. Denne gong er det kvinnene deira som er i fokus.

«Brudebåten» av og med Ivar Nygaard kan opplevast i Valestrand kulturkyrkje søndag 8. november.

Arild Steinsland,
sokneprest