nyhende

Korallar av ulik utsjåande er Jan Ottar Eriksen (innfelt) frå Valevåg godt kjent med, og han er sikker på at det ennå finst mykje uoppdaga i Bømlafjorden.
Korallar av ulik utsjåande er Jan Ottar Eriksen (innfelt) frå Valevåg godt kjent med, og han er sikker på at det ennå finst mykje uoppdaga i Bømlafjorden.

– Det finst minst eitt stort rev til i Bømlafjorden

– At me har eit stort korallrev som nabo rett uti sjøen her, kom ikkje som noko stor overrasking, men det er minst eitt stort rev til i Bømlafjorden, seier Jan Ottar Eriksen skråsikkert, utan at han vil konkretisera kor.

Publisert Sist oppdatert

Havforskningsinstituttet kunne nyleg dokumentera eit stort uoppdaga korallrev i Bømlafjorden. Det har Jan Ottar Eriksen visst om lenge. Då han nyleg la ut bilete av eitt av sine korall-suvenirar på Facebook, viste kommentarfeltet ganske snart at fleire har gjort liknande «fangst» opp gjennom åra. Heime har valestrendingen fleire korallar som stammar frå revet, det eldste funnet var det far hans som i si tid drog opp. Den største tippar han er rundt eitt kilo.

Dette er den eldste av korallane som Jan Ottar Eriksen har i samllinga si.

Hektar seg fast

I planleggingsfasen av Bømlafjordtunnelen blei det brukt seismikk-teknologi (trykkbølgjer) for å kartleggja bergkvaliteten/havbotnen. Ifølgje Jan Ottar Eriksen, som på den tida dreiv fiskeoppdrett i Valevåg, blei det stilt spørsmål om kor mykje seismikk som kunne skytast for ikkje å skada fisken.

– Den dagen seismikken skulle skytast, fekk dei problem. Den eine av dei to kablane som blei slept etter båten, hekta seg fast i korallar og blei skada, fortel Eriksen. Han veit om mange som har vore borti liknande med fiskereiskap når dei kjem så langt ned som på 180-200 meters djupne.

Ein ekte og skinande kvit Bømlafjord-korall, som no har adresse Kjosanevegen, 5554 Valevåg.
Powered by Labrador CMS