nyhende
Foreslår nybygg på kommunehuset og samanslåing av legekontor
Rådmannen har laga klar ei sak med planar for nybygg og rehabilitering av kommunehuset. Det kan føra ei spennande samlokalisering av tenester og fagpersonar i det ein kallar «familiens hus». Men det kan også gå på bekostning av eitt legekontor.
Saka er samansett, men når alt kjem til alt, er rehabilitering og samlokalisering av tenester dei rette stikkorda å bruka. Kommunehuset består av bygg frå fleire epokar, som ikkje tilfredsstiller dagens tekniske krav. Eitt må rivast, eitt kan rehabiliterast – eller vurderast rive.
Forfalle
Det eldste er frå 1925, og ligg mot parkeringa i vest. Her er maur og småkryp, råteskader på vindauge og seg i takkonstruksjonen. Det har hendt at takstein har losna og falle ned på bilar, inne er det sett opp støttesøyler for å halda konstruksjonen oppe.
– Bygget bør rivast og erstattast med eit funksjonelt bygg tilpassa den nyaste utbygginga til kommunehuset, kommenterer rådmannen.
Det er kalkulert at eit nybygg med 30 kontorplassar og heis, vil kosta 22,8 mill. inkl. mva.
Utan ventilasjonsanlegg
Det andre bygget som ikkje tilfredsstiller dagens krav er frå 1964, og ligg mellom bygget frå 2010 og bygget frå 1925. Mellom anna er det ikkje ventilasjonsanlegg her, og det er vurdert om det kan settast inn, utan å byggja om og rehabilitera.
– Vår vurdering er at ei slik løysing ikkje lar seg gjennomføra på ein måte som gir god luftkvalitet utan betydelege kostnadar og bygningsmessige store utfordringar. Kostnadar med slike løysingar er vanskeleg å talfesta, skriv rådmannen i saka.
Rehabilitering er kalkulert til å kosta 24,4 mill. inkl. mva. Dersom bygget skal rehabiliterast, må tilsette jobba frå ein brakkerigg for ein periode, til ein kostnad på rundt 900 000 kroner.
Familiens hus
Rådmannen foreslår også å utvida kommunehuset – for å styrka og samlokalisera oppvekstvilkåra for barn og unge. Det vil seia at dei som jobbar med barnevern, psykisk helse, habilitering, NAV og helsestasjonen blir samla under eitt. Dette vil i følgje rådmannen gi fleire fordelar: Betra tenestetilbod, betre tverrfagleg samarbeid, betre fagmiljø, betre rekruttering og betra driftsøkonomi.
– Å samlokalisera tenester til barn, unge og familiar kan vanskeleg sjåast at har negative konsekvensar, skriv rådmannen.
Legekontora
Sveio har to kommunale legekontor, eitt i Førde og i Sveio sentrum, i kjellaren på kommunehuset. Dersom politikarane er gira på å laga «familiens hus», vil fleire av tenestene flytta på seg. Mellom anna helsestasjonen, som i dag har tilknytning til legekontoret.
– Ei samlokalisering og samorganisering av legekontora vil gi stor fagleg og økonomisk gevinst. Eit større fagmiljø vil bidra positivt til både rekruttering og å behalda legar. I forhold til samanslåing av legekontora, med nedlegging av Førde legekontor, kan dette opplevast negativt i forhold til reiseavstand for enkelte pasientar. Ser ein på beredskapen, kan det vera ein risiko å ha dei fleste legane på eitt legekontor. I ein pandemisituasjon, må dette til dømes ivaretakast i forhold til drift, kommenterer rådmann Jostein Førre i saka.
Ved å slå saman helse- og omsorgstenester og legekontora, er det venta å ha ei innsparing på mellom 1,2 og 1,5 millionar kroner årleg. Dette er på grunn av bortfall av husleige, driftsutgifter, og reduksjon av stillingar.
I sakspapira står det at «summen kan sjåast opp mot investeringskostnad og utgifter til renter og avdrag. Med dagens avdragspraksis og rentenivå, vil dette kunne forsvara eit låneopptak på mellom 25 millionar og 31 millionar kroner over 40 år».
Hovudutvala først
Gangen vidare er at fleire folkevalde grupper skal ta stilling til saka. Først ut er hovudutval for oppvekst og kultur (HOK) og hovudutval for helse og omsorg (HHO). Møta er kommande tysdag, 10. november. Eldrerådet og råd for personar med nedsett funksjonsevne skal også få seia si meining.
Politikarar i HOK: Asle Georg Halleraker (leiar, Ap), Stian Nygård (nestleiar, uavhengig), Ingrid Pedersen Furdal (Ap), Sølvi Margrethe Vesterheim (FrP), John Kristian Økland (H), Leif Sverre Haga (MDG) og Beathe Susanne Haugland (Sp).
Politikarar i HHO: Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (leiar, FrP), Maren Kristine Lye Bårdsen (nestleiar, Ap), Brit Elin Hovda Mølstre (Sp), Dagfinn Fagerland Bjørge (Sp), John Anders Semb (Ap), Svein Mathias Lie (FrP), Kristina Våge Ballard (Sv).
Politikarane i hovudutvala diskuterer saka og kjem med eit vedtak som blir lagt fram for formannskapet. Kommunestyret får saka til slutt.