Legekontoret i Førde.
Legekontoret i Førde. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Nei til nedlegging av Førde legekontor!

Denne veka vert det fremma ei politisk sak om sammenslåing av dei kommunale legekontora.

Saka skal på tysdag opp i hovudutvala for helse og omsorg, og oppvekst og kultur, før ho vert sendt vidare til formannsskap og kommunestyre. I praksis tyder dette at ein vil leggje ned Førde legekontor til fordel for eit samla og større senter i Sveio. Framlegget frå rådmannen lyd som følgjer:

1. Kommunestyret vedtar å starte ein prosess med samanslåing av dei kommunale legekontora i Førde og i Sveio sentrum. Kommunalt legekontor lokaliserast på kommunehuset i Sveio ved at legekontoret overtar helsestasjonen sine lokalar. Vedtaket gjerast med atterhald om at helsestasjonen sine noverande lokalar kan frigjerast til eit samla legekontor ved ei utbygging jf punkt 2, 3, 4 og 5 i vedtaket.

Denne samlokaliseringa er del av ei større sak som omhandlar rehabilitering av dei eldre delane av kommunehuset, samt omorganisering av bruken kommunehuset. Ein ser for seg å samla etatar, utvida det tverrfaglege samarbeidet og å «styrka fagmiljøet». Slik me ser det bør dette la seg gjere utan å flytte Førde legekontor.

Sveio Sv meiner at det vil vere ei feil prioritering å leggje ned legekontoret i Førde. Ei slik nedleggjing vil svekke tilbodet for brukarane i nordre delar av kommunen. Førde legekontor har ei geografisk sentral plassering. Mange innbyggjarar vil, ved ei eventuell sentralisering, få lengre veg til legen, noko som særleg rammar sårbare grupper som eldre og kronisk sjuke. For desse brukargruppene er tryggleiken ved å ha legen sin i nærleiken viktig.

Dagens koronasituasjon viser oss også at det kan vere ein fordel med to adskilte einingar. Om ein samlar alle pasientane på ein stad, aukar ein samstundes smitterisikoen. Har ein to einingar, står ein i tillegg betre rusta om ein av dei må stenge grunna t.d. koronasmitte. Då kan det andre kontoret halde fram drifta.

Legane sjølve har ikkje ytra ønskje om eit styrka fagmiljø. Dei opplever miljøa sine som gode. Den digitale utviklinga gjer også at ein ikkje lenger er like avhengig av den fysiske nærleiken for å kunne samarbeide. Er det noko koronaepidemien har lært oss, så er det nettopp det. Ønskjet om å skape et større fagmiljø kjem derfor ikkje frå legane sjølve.

På forrige møte gjekk eit samla kommunestyre inn for å søkje om tiltaksmidlar for tettstadsutvikling i Førde. Dette er me særs glade for. Men det er til lita hjelp om ein samstundes vel å leggje ned sentrale institusjonar i same bygd. Ein må tenkje langsiktig om ein ønskjer å sørgje for eit desentralisert busetnadsmønster. Me ønskjer oss ei styrking av Førde sentrum, ikkje ei svekking!

Hege H. Steindal,
Sveio Sv