nyhende

hovudutval oppvekst og kultur hhokommunalsjef ingunn toftRuth Grethe Østebøvik EriksenFramstegspartietMaren Kristine Lye BårdsenArbeiderpartietBrit Elin Hovda MølstreSenterpartietDagfinn Fagerland BjørgeSenterpartietJohn Anders SembArbeiderpartietTorgeir Katla vara ArbeiderpartietKristina Våge BallardSosialistisk Venstrepartiungdomsrådet malene vikse og inger lovise bua semb
Tysdag kveld hadde hovudutval for helse og omsorg møte i klasserommet til 8B i Vigdartun. F.v. Brit Elin Mølstre (Sp), Torgeir Katla (Ap, vara), Maren Kristine Lye Bårdsen (Ap, nestleiar), Ingunn Toft (kommunalsjef), Ruth G. Østebøvik Eriksen (FrP, utvalsleiar), Dagfinn F. Bjørge (Sp), John Anders Semb (Ap). Kristina Våge Ballard (Sv) kom ikkje med på bildet.

Stemte for å behalda legekontoret der det er

Hovudutvala for helse og omsorg og oppvekst og kultur, var som forventa einige om at Førde legekontor skal forbli i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Det blei ikkje så mykje diskusjon rundt akkurat dette spørsmålet, for som det kom fram tidlegare i dag, har alle parti uttrykt at dei ønskjer å behalda legekontoret i Førde.

Det viste seg også rundt møtebordet til representantane i hovudutvalet for oppvekst og kultur – dei frammøtte var einige om å ikkje gå i gong med samanslåing av dei to legekontora.

To vedtak

Dagfinn F. Bjørge frå Sveio Sp ønskte å ha med ei setning i vedtaket som seier noko om at ein i framtida ønskjer å ha to legekontor, for å ivareta innbyggjarane på ein god måte. Fleire meinte at  vedtaket «Førde legekontor blir verande i Førde» stod seg godt nok aleine.

Forslaget blei vedteke av alle dei sju representantane.

Hovudutval oppvekst og kultur diskuterte også saka i kveld, der blei ordlyden som omhandlar legekontoret blei vedteke slik: Prosessen med samanslåing av legekontor blir stoppa.

Formannskapet gjenstår, før endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret.

Dagfinn F. Bjørge frå Sveio Senterparti (i midten) ville gjerne ha med litt meir tekst i vedtaket frå hovudutvalet, men det ønskte ikkje dei andre representantane. Ruth G. Østebøvik Eriksen frå FrP (t.v.) leia møtet, medan John Anders Semb møtte for Arbeidarpartiet.
Powered by Labrador CMS