Skisse over korleis kommunehuset kan bli sjåande ut.
Skisse over korleis kommunehuset kan bli sjåande ut. FOTO: Link Arkitektur AS

Samanslåing av legekontor og rehabilitering av kommunehuset

Rådmannen fremjar ei sak om samlokalisering av helsetenester i Sveio som eg finn grunn til å kommentera nærare.

Når det gjeld framlegget om rehabilitering av 1964-bygget på 550 m² til kontorformål som tilfredsstiller dagens standard for 25,3 millionar, så stussar eg. Denne rehabiliteringa er kostnadsrekna til 46 000 kr/m² og det burde såleis ringja ei bjelle hos administrasjonen om korleis ein skal nytta våre skattepengar fornuftig. Til samanlikning bygde me nytt soknehus for halvparten av denne kvadratmeterprisen. Eg trur såleis at ein ved å riva -64-bygget og erstatta dette med 550 m² nybygg, vil koma vesentleg rimelegare ut og få eit mykje meir tenleg bygg.

Når det så gjeld forslaget om å riva 1925-bygget, så er dette lett å slutta seg til. Bygget er ueigna til kontorformål.

Forslaget om å byggja eit nytt «familiens hus» som huser 30 kontorplasser for ca 22,8 millionar – for å samlokalisera tenester – er likevel uttrykk for ein byråkratisk ambisjon som eg har problem med å sjå kan ha politisk prioritet i ein anstrengt kommuneøkonomi. Her skal jo byggjast symjehall, idrettshall, barnehage og eldrebustader.

Per Bjørn Habbestad. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Administrasjonen legg til grunn argument som «betre tverrfagleg samarbeid» – som om det skulle vera noko til hinder for slikt samarbeid på tvers av eit par gangar eller ein tur over parkeringsplassen. Legane Wirkola og Aksdal har i eigne innlegg på Facebook kommentert argumenta om «betre fagmiljø og rekruttering», samt dei manglande argumenta rundt samanslåing av legekontora i Førde og Sveio, vurderingar som eg deler og som eg difor ikkje kommenterer nærare her.

Når ein så kjem til påstanden om «betra driftsøkonomi» er det som eg vil detta av stolen. Som indirekte deleigar i Sveio senter AS, vart me i samband med utbyggjinga til Coop Extra «ufrivilleg» sitjande som eigar av det såkalla NAV-bygget, som er bygt på skreddarsaum etter NAV sin spesifikasjon, mellom anna med eit relativt stort område for kundemottak og med høge krav til sikkerhet.

NAV har gitt klart uttrykk for at dei ikkje vil inngå langsiktig leigeavtale, ettersom det pågår løpande reorganisering av denne tenesta mellom kommunar, regionar og landet på tvers. Det er altså her rådmannen inviterer skattebetalarane i Sveio til å ta risikoen for at nye (unødvendige og dyre) lokaler til NAV i «familiens hus» skal stå tomme dersom NAV eventuelt vel å omorganisera sine tenester.

Det vert argumentert for at ein ved å leggja kundemottaket til offentleg servicekontor (OSK), kan spara ei 50% stilling. Det må i så fall skuldast at dei som håndterer mottakstenestene på NAV i dag ikkje har anna arbeid ein kan utføra når der ikkje er kundar. Det høyrest for meg ut som eit relativt enkelt organisatorisk grep å handtera frå NAV si side.

Den økonomiske drøftinga av forslaget er nærast fråverande, men konkluderer med at framlegget har ein «Stor økonomisk effekt». «Familiens hus» er på netto 560 m² og kostar 22,8 millionar, altså ca kr 40 000 pr m².

NAV leiger i dag hos oss netto ca 400 m² og Sveio kommune kan få kjøpa NAV-bygget for  35% av nybyggsprisen – altså kr 14 000 pr nt m² eller samla 5,6 millionar.

Eg vil tru at politikarane i Sveio kan ha bruk for dei innsparte 10,4 millionar ((kr 40 000 – kr 14 000)*400 m²) til høgare prioriterte føremål.

Per Bjørn Habbestad