I år kan det ikkje bli julemesse Soknehuset på grunn av pandemien. Bildet er frå eit anna år.
I år kan det ikkje bli julemesse Soknehuset på grunn av pandemien. Bildet er frå eit anna år. FOTO: Privat

Blir det NMS julemesse i år?

Nei, det blir ikkje julemesse på Soknehuset i år – og det er me svært leie for. Det blir for krevande å etterkoma smittevern-krava. Me måtte gi etter for pandemien – den vant. Me håper difor me kjem sterkt tilbake i 2021.

Men kvifor er misjonsmesse så viktig? Det norske Misjonsselskapet sin visjon er å dela trua på Jesus, utrydda fattigdom og  bekjempa urettferd. Dette er ikkje mindre viktig nå.

Det er ved messer, basar og liknande arrangement  dei får ein stor del av inntektene til å driva prosjektene som forandrar verden og bidrar til at stadig nye menneske får livet sitt forandra. Me pleier å ha stor støtte på julemessa og basarar både frå innbyggjarane og næringslivet her i Sveio. Det er difor med stor tru og optimisme me vil be om ei god gåve til NMS sitt misjonsarbeid. Sjå annonse i Vestavind for korleis ein kan støtta NMS Misjonsmesse Sveio i år.

Takk for gåver!

NMS-foreingane i Sveio