Illustrasjonsfoto: ELLEN MARIE HAGEVIK
Illustrasjonsfoto: ELLEN MARIE HAGEVIK

Politiet har bøtelagt utanlandske statsborgarar som ikkje føl karantenereglane

Denne veka har fire personar i Sør-Vest politidistrikt blitt bøtelagde som følgje av brot på karantenereglane etter innreise til Noreg.

Politiet vil praktisera ei strengare tilnærming enn berre fokus på på råd og rettleiing i samband med smittevernlova, blir det opplyst i ei pressemelding, som blir følgt opp med døme på møte med personar som ikkje har følgt smittevernlova.

19-åring i Haugesund

Tysdag denne veka kom politiet i kontakt med ein 19 år gammal utanlandsk statsborgar i samband med eit narkotikalovbrot i Haugesund. Vedkommande opplyste at han kom frå Storbritannia 5. november.

– Mannen hadde ikkje overhalde karanteneplikta, og har opphalde seg med fleire ulike personar sidan han kom til Noreg, seier påtaleansvarlig Tonje Leirgulen Ravndal. Vedkommande er no bortvist, og har vedteke eit førelegg på 20 000 kroner for brot på karantereglane.

Arbeidarar på Stord

Same dag observerte ei politipatrulje tre utanlandske arbeidarar på veg ut frå ein drosje ved ein brakkerigg på Stord, der utanlandske arbeidarar frå leverandørverksemder skal vera i karantetida, før dei startar på jobb for Kværner. Det er snakk om 10 dagar.

Etterforskinga har vist at desse tre personane har brote karantereglane, og har no fått kvar sitt førelegg på 20 000 kroner. Utlendingsmyndigheita skal vurdera om personane, som alle kom frå Storbritannia 6. november skal bortvisast eller utvisast.