ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK
ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Stor UP-kontroll og mange bøter på Haukås

Utrykkingspolitiet gjennomførte storkontroll på E-39 ved Haukås mellom klokka 09.00 og 14.30 i går, onsdag. Fem UP-patruljar deltok på aksjonen som hadde fokus på fartsovertredingar og mobilbruk hos sjåførar.

Det blei gjennomført laserkontroll både i 80 og 60-sona. Høgaste fart i 60 sona blei målt til 82 km/t. I 80-sona blei det målt 114 km/t. Av dei som blei stansa fekk 55 sjåførar forenkla førelegg. Ein sjåfør blei anmeldt for fart.

I tillegg blei det skrive ut fem forenkla førelegg for mobilbruk, og elleve sjåførar fekk forenkla førelegg for ikkje å ha stansa for stoppskilt.

To bilførar blei anmeldt for ikkje å ha stansa for kontroll. Bilførarane gjekk likevel ikkje klar, då dei blei innhenta.

– Totalt sett kan me vel seia at kontrollen viste overraskande mange lovbrot, seier Dan Magne Gaard, vaktsjef ved Haugesund politistasjon. Han vurderer råkøyringa i 114 km/t i 80-sona som det mest graverande.