Flemming Lothe i UngSveio og Svavar Fridriksson, sekretær for Sveio ungdomsråd og frivillig ressurs for ungdomen, jobbar saman for å laga eit godt tilbod – spesielt til dei som er uorganiserte.
Flemming Lothe i UngSveio og Svavar Fridriksson, sekretær for Sveio ungdomsråd og frivillig ressurs for ungdomen, jobbar saman for å laga eit godt tilbod – spesielt til dei som er uorganiserte. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Nystarta ungdomsorganisasjon vil nå ut til dei utan fritidstilbod:

Har fått støtte til luksustiltak i mørketida

Sveio ungdomsråd og den nystarta organisasjonen UngSveio samarbeider tett, no om dagen står tiltak for psykisk helse på agendaen. Saman finn dei løysingar, og fleire gode krefter bidrar til at ungdom skal få oppleva kjekke ting no i mørketida. Spesielt dei som er uorganiserte.

Me har fått beskjed om å ikkje vera sosiale, og ha færrast mogleg nærkontaktar. Dei siste åtte månadane har vore krevjande. Det merkast på ungdomen. Ikkje alle har det bra, nokre slit psykisk og finn heile situasjonen stressande.

SoMe er bra, men ikkje alt

I koronatida tenkte ungdomskoordinator i Sveio, Flemming Lothe annleis. Organisasjonen UngSveio begynte å formast, og dialogen på Snapchat og Facebook blei etablert. Dette byggjer ungdomskoordinatoren vidare på for alt det er verd.

UngSveio ved Flemming Lothe held ope hus på Vigdartun frå klokka 14-21 alle kvardagar. Torsdag etter skuletid var desse innom for å slappa av og spela ping-pong: Jesse Taljaard Parsons, Malene Staupe Ottesen, Flemming Lothe (UngSveio), Enrique Ekrene, Svavar Fridriksson (sekretær for Sveio ungdomsråd), Ole Alexander Sveen Kallevik og Kristian Olsen Lie FOTO: Irene Flatnes Haldin

– Det er heilt genialt, eg har fått ein heilt annan kontakt med ungdomar no, seier Lothe. Men ikkje alt kan løysast via ein skjerm frå sofaen. Men ein kan heller ikkje samlast til sosiale arrangement. Derfor er ungdomskoordinatoren i søkemodus – for å få inn pengar til å stella i stand alternative opplegg.

Dialog med ungdomsrådet

– I går kom meldinga frå Ungdom og fritid sitt frifond at me har fått 20 000 kroner til å senda ungdomar på spa. Dette har bakgrunn i eit forslag frå ungdomen sjølv, seier Lothe og nikkar til Svavar Fridriksson, som er sekretær for Sveio ungdomsråd. Nyleg hadde dei 17 medlemene møte, då var mellom anna psykisk helse på agendaen. Fleire tiltak blei diskutert.

Spa i mørketida

– Ungdomane diskuterte og kom fram til at dei vil gi gratis tilbod om spa i mørketida til dei som treng det mest, forklarer Fridriksson. 20 000 kroner vil bli gitt frå ungdomsrådet til UngSveio, som har forhandla med Albatross spa om ei bra ordning.

Må kartleggja

Den totale summen er no 40 000 kroner, dei vil seia at 68 ungdomar kjem til å få oppleva dette.

No blir det Lothe sin jobb å finna ut kven som er kvalifiserte til å få tilbodet – først prioritert blir dei som ikkje har noko fast å gå til, for å gi dei ei oppmuntring og ei kjekk oppleving, alt i tråd med ungdomsrådet sitt vedtak.

– Dette prosjektet vil me ha no i vintertida. Får me inn meir stønad kan me senda fleire på spa, smiler Lothe, som har fleire søknadar inne.

25 000 kroner i lokal støtte

– Me har også fått 5 000 kroner frå Sveio Lions, seier Lothe.

I går kveld kom meldinga frå Bremnes Seashore om at dei også gir 20 000 kroner til UngSveio.

– Me er takksame for all stønad, framover vil me finna på tiltak som fremjar psykisk helse. Ungdom er framtida, og no i desse tider treng dei støtte. Me treng alle sponsorar me kan få, seier Lothe.

Uorganisert ungdom

Det er nemleg ikkje alle unge som er interesserte i å gå på idrettar, kulturskule eller andre aktivitetar. I staden for å berre vera heime, set mange pris på å få komma til Vigdartun og berre chilla og vera med andre.

– Eg merkar at dei set pris på å få komma og slappa av. Her er ingen krav, ingen treng å kunna noko eller prestera her, seier Lothe.

UngSveio er først og fremst for dei som ikkje har noko fritidstilbod, men kven som vil kan koma til Vigdartun og chilla. Vigdartun er ope frå klokka 14 til 21 alle kvardagar. Det vil seia låst dør, maks ti om gongen og besøkslogg i gangen, no i desse tider.

– Dette høyrdes veldig strengt ut for meg i starten, men det går veldig greitt. Heldigvis er det ein god flyt i besøkande.