kultur
– Eg ser det komiske i dei fleste situasjonar
Elisabeth Tollaksen Vikse er ikkje redd for å drita seg sjølv ut i sine faste fredagsinnlegg på minibloggen «Pølsemakerfrue».
Under namnet «Pølsemakerfrue» skriv ho rett fram og ærleg om sjølvopplevde og daglegdagse hendingar, miksa opp med mykje humor. Innlegga har blitt godt mottekne. På sjølve bloggen kan ein ikkje kommentera, men det er topplister, og to gonger har sveibuen vore på andreplass.
Gleda andre
Innlegga deler ho også med venner på Facebook, og her er det mange som vender tommelen opp for den humørfylte bloggaren som er busett på Vikse.
– Det er sjølvsagt kjekt, men viktigast er at eg kan gleda andre med skrivinga mi, seier Vikse som i mange år har stritt med sjukdom.
– Eg har angst, depresjon og lir av kronisk utmatting, men eg er ikkje skapt for å vera i den bobla. Det er ikkje meg. Eg ser på meg sjølv som smilande og utadvent, og som ønskjer det beste for alle.
«Meg og høna mi»
I starten tenkte ho mykje på kva folk tenkte om skrivinga hennar. Tanken på at ho ikkje burde stikka seg fram kom også snikande, men noko inni henne protesterte.
– Jau, dette er faktisk meg! Så får heller folk ta det som dei vil, nikkar 52-åringen bestemt.
Skrivelysta starta for halvanna år sidan med «megoghoenami» (ho JoSåFine) på Instagram, av dette blei det mykje løye. Innlegga blei så godt mottekne at nokre i familien oppfordra henne til å starta ein blogg.
Ekte pølsemakarfrue
– Tanken var først framand for meg, men så tenkte eg det er så mange «fruer» i bloggverda, så kvifor ikkje. Eg er også ei frue – ei pølsemakerfrue – Åsmund, mannen min, er nemleg utdanna pølsemakar. Det er ikkje tull, altså, seier ho og ler.
Dei trefte kvarandre gjennom jobben i 1985 då ho var 17, etter det har det vore dei to. Tre søner, like mange svigerdøtrer og tre barnebarn er status per i dag.
Mykje på hjarta
I starten då Vikse byrja å posta innlegg hadde ho så mykje inni seg som ville ut at ho skreiv kvar dag. Ho har like mykje på hjarta, men skriv ikkje like ofte.
– Sidan eg ikkje alltid er i form har eg avgrensa det til ein gong i veka, dermed blir det mindre press, fortel den populære bloggaren.
– Kva er trikset for å lukkast?
– Du må vera deg sjølv, elles blir det kunstig. Eg prøver alltid å få fram korleis eg eigentleg har det, og med det kjenner folk seg igjen. Men det er ikkje alle som vågar å koma med det, fastslår den humørfylte pølsemakarfrua. Har du lyst til å ta ein kikk på bloggen, finn du den her.