5b237a25-d21f-4086-a580-32451a35dd64

Ønskjer innspel før eventuell lokal koronaforskrift:

Bedriftsleiarar i Sveio inviterte til dialogmøte med næringslivet i kveld

Det er med tanke på i smittesituasjonen på Haugalandet det er ønskjeleg å ha dialog om moglege lokale forskrifter som kan tre i kraft på kort varsel. Bedriftsleiarar frå heile Haugalandet inviterte.

Møtet vil vera kommande onsdag 18. november om ettermiddagen – på den digitale møtestaden Teams.

Sveio-rådmann Jostein Førre stiller i lag med adminsitrative kollegaer frå andre kommunar.

– Smittesituasjonen er i endring på Haugalandet og det er viktig å vera forberedt på moglege lokale forskrifter som ein konsekvens av dette. Me i Sveio er i stor grad ein del av ein felles bu- og arbeidsmarknad på Haugalandet. Om smittesituasjonen tilseier det, ønskjer ein å ha så like forskrifter og råd som mogleg mellom kommunane, for å gjera det enklare for den enkelte aktør å forholda seg til desse, seier Førre til Vestavind.

Ønskjer innspel

Kommunane ønskjer dialog med næringslivet for å få innspel i forkant av et eventuelt vedtak om lokal koronaforskrift. Ei forskrift kan innehalde avgjerder om drift og åtferd for både næringsliv og den enkelte innbyggar.

– Dette er difor ein god arena for næringslivsleiarar i Sveio til å komma med innspel til slike felles forskrifter og råd som kan komme frå kommunane på Haugalandet, Sveio inkludert.

Grunna tekniske årsakar kan maks 250 personar vera pålogga.

Ønskjer du meir informasjon, finn du det på Sveio kommune sin nettstad.