Hausten 2014 kom det store nedbørsmengder tre gonger på kort tid. Det førte mellom anna til at det blei overfløyming i Sveio senter.
Hausten 2014 kom det store nedbørsmengder tre gonger på kort tid. Det førte mellom anna til at det blei overfløyming i Sveio senter. FOTO: Egil Valhammer, 2014

Vêrvarslinga for onsdag og torsdag:

Mykje nedbør, kraftige vindkast og fare for snø

I følgje vêrmeldinga på yr.no, er det er fire varsel for vår kommune akkurat no, mykje grunna vind og regn. To oransje (stor fare) og to gule (moderat farge).

Oransje varsel

Frå ni-tida om morgonen i dag, og fram til midnatt er det venta svært mykje regn, og det er fare for overvatn i tettbygde område. Sveio kommune ber om at innbyggjarane følgjer med på at slukar er opne, for å unngå oversvømming.

Det er i tillegg stor fare for jordskred i Vestland fylke og Rogaland fylke. Grunnvatnet og metningsgrad av vatn i bakken er alt svært høge. Det er venta mykje nedbør, slik at faren for jord- og flaumskred er auka. Bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

Gult varsel

I Vestland fylke er det moderat fare for kraftige vindkast frå midnatt i kveld til klokka 9 om morgonen torsdag.

Torsdag er det venta mykje snø i Vestland og Rogaland. Over 300 m.o.h. er det venta 10-20 centimeter, mest snø vil koma i nordlege område.

Vêrvarslinga for Sveio viser at me kan forventa oss sluddbyger mellom klokka 06 og 12 i morgon.