Flokehyttene 3. Foto Haakon Nordvik
FOTO: Haakon Nordvik

Opnar opp for fleire bestillingar til neste år

Flokehyttene fekk ein enorm respons då dei blei tilgjengelege for bestilling tidlegare i haust. Då var det mogleg å bestilla seg overnatting om lag eitt år fram i tid, ut september 2021. I dag opnar Haugesund Turistforening for bestilling frå 1. oktober 2021 og ut året. Det blir også opplyst om at kalenderen der ein ser kva tid hyttene er ledige, fungerer igjen.