nyhende

Mølstrevåg i nær framtid? Ølen Betong Gruppen AS ønskjer å planera ut næringsområdet ytterlege og byggja eit akvakulturanlegg.
Mølstrevåg i nær framtid? Ølen Betong Gruppen AS ønskjer å planera ut næringsområdet ytterlege og byggja eit akvakulturanlegg.

Vil erstatta kulturmiljø med akvakulturanlegg

Ølen Betong Gruppen AS søkjer om å få riva dei tre siste bygningane på den gamle handelsplassen i Mølstrevåg, og søkjer difor om dispensasjon frå kommunedelplan.

Publisert Sist oppdatert

Ølen Betong Gruppen AS ønskjer å utvida og utvikla næringsområdet i Mølstrevåg, og legg på sikt opp til eit stort landbasert anlegg for akvakultur på land.

Kulturminne

Området som blir omsøkt er i dag regulert til bustad/forretning. Føremålet med omsynssona er å verna om kulturmiljøet som viser den gamle handelsstaden i Mølstrevåg.

I 2019 låg eigedomen til sals for 30 millionar på nettstaden finn.no. Selgjaren, Odd Eivind Knutsen, freista med tomt på 686 mål, sju hus, kaianlegg og tre kilometer lang strandlinje. Ølen Betong Gruppen AS sikra seg eigedomen for vel 10,5 millionar kroner.

Postkort frå 1908 som viser handelsstaden Mølstrevåg.

Mølstrevåg var ein av dei gamle handelsplassane i Søndre Bergenshus amt. Her var landhandel, gjestgjeveri og postopneri. På 1800-talet eit av dei viktigaste fiskeværa i distriktet.

Ølen Betong gruppen AS ønskjer å riva hovudhuset med tilhøyrande uthus og sjøhus, og søkjer difor om dispensasjon for kommundelplan for kulturminne og reguleringsplan. Tiltakshavaren slår fast at bygningane som står der i dag ikkje er dei originale bygningane, både hovudhuset og sjøhuset er vesentleg endra.

«Plassen framstår difor meir som eit næringsareal, der riving av resterande bygningar og deretter klargjering for framtidig næring er i tråd med dagens arealbruk», heiter det i søknaden.

Nye arbeidsplassar

Vidare i søknaden blir det fastslått: «Sveio kommune har alt godkjent riving av seks mindre bygningar, samt planering av terreng i same område. Riving av dei siste bygningane vil vera eit ledd i klargjeringa av området til framtidig næringsformål.»

I søknaden blir det vist til at Ølen Betong Gruppen AS er bedrifter som har mange arbeidsplassar, og framtidig utviding av næringsområdet vil vera med å skapa mange nye lokale arbeidsplassar. Dette vil vera samfunnsøkonomisk gunstig for dei tilsette, verksemda og Sveio kommune.

Nabovarsel

Det blir no gjennomført nabovarsling, der eventuelle merknadar, og ansvarleg søkjars tilsvar og vurdering av desse, blir lagt ved når søknaden om tiltaket blir sendt Sveio kommune.

– Den generelle saksgangen i byggjesaker er at kommunen så vil gjera ei vurdering av søknaden, irekna eventuelle nabomerknadar, og etterkvart gjera eit vedtak. Alle partar i saka vil ha rett til å klaga på dette vedtaket. Klageinstansen er Fylkesmannen i Vestland, men før kommunen sender ei eventuell klagesak, vil saka bli lagt fram for politisk handsaming i hovudutval teknisk/næring, opplyser Åge Mikael Hjellestad, rådgjevar byggesak i Sveio kommune.

Planteikning viser heile området planert og erstatta med eit akvakulturanlegg heilt opp mot Ryvardevegen.
Powered by Labrador CMS