Motiv frå Lid i 80.30-tida i dag, i 2,5 plussgrader. Hodnafjell og Valhest kan skimtast.
Motiv frå Lid i 80.30-tida i dag, i 2,5 plussgrader. Hodnafjell og Valhest kan skimtast. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Køyr forsiktig i morgon tidleg

Vêrprofetane fekk rett i at det kom sluddbyger i dag, torsdag. Det er langt frå alle plasser det har lagt seg, men eit lite dryss kan anast somme stader. Vêrmeldinga seier at det kan koma nye snøflak i føremiddag, før det kan bli regn i 17-tida, og sludd igjen frå  21-tida i kveld.

Når det gjeld fredag morgon, er den i følgje yr.no varsla med éi blå minusgrad, ingen nedbør og nesten vindstille. Kanskje det er på tide å leggja om til vinterdekk, for dei som ikkje har fått gjort det?