Arve Semb Christophersen, fungerande avdelingsdirektør i Avdeling arbeidslivskriminalitet og avdelingsdirektør i Avdeling for søknadar og meldingar
Arve Semb Christophersen, fungerande avdelingsdirektør i Avdeling arbeidslivskriminalitet og avdelingsdirektør i Avdeling for søknadar og meldingar FOTO: Thor Nielsen

Åtvarar mot svindlarar som seier dei er frå Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har fått tips om svindlarar som prøver å lura til seg betalingsopplysningar over telefon. Svindlarane hevdar dei er frå Arbeidstilsynet og ber om pengar for påstått gebyr.
– Arbeidstilsynet ber aldri om betalingsinformasjon over telefon. Dette er ei utspekulert form for svindel som speler på frykta til arbeidsgivarar for å bryta lover og reglar. Me oppmodar alle til å avslutta samtalen umiddelbart dersom dei får ein slik oppringing, seier avdelingsdirektør Arve Semb Christophersen i Arbeidstilsynet i ei pressemelding.