kultur
Bygdemennesket blir heidra på heimebane
Då Einar Økland debuterte som 80-åring blei dagen feira i lag med familien, i ro og mak. Søndag skal forfattaren heidrast i kulturkyrkja. – Eg gler meg til det er over, seier Økland, som set kvardagane høgast. Heldigvis er det flest av dei.
– Kvifor dei gjer dette har eg absolutt ingen meining om. Eg har ikkje utveksla eit komma med dei, dei får gjera det på eige ansvar. Eg legg meg ikkje opp i det, seier Einar Økland, som har vore utsett for liknande arrangement før.
Han er invitert til feiringa, må vita, men så mykje meir veit han ikkje. Det skapar både uro og spenning.
Lett beklemmande
– Forsåvidt vil eg helst berre vera eit heilt vanleg menneske i bygda, og ikkje ha slike ting føre meg. Det er kjekkast og greiast. Når dei skal gjera dette, er det nok lett beklemmande, men spennande.
Når det er sagt, er han forviten på kva som som skal skje.
Les tekstar frå Økland
Ein trio frå Trondheim, beståande av Ragnhild Vannebo, Kari Beate Tandberg og John Pål Inderberg jobbar i desse dagar med eit program for å heidra Einar Økland, som i januar runda 80 år. Idéen blei til før pandemien kom, og etterkvart trudde dei at alt ville betre i november.
Vannebo har vore i lag med Økland på ulike måtar og nivå, sidan ho gjekk på teaterskulen og han gav ut si første samling.
– Me kjende ikkje kvarandre då, eg trur knapt me helste, men eg blei klar over han i den tida, forklarar Vannebo.
Sidan har ho ved fleire høve fått lov til å lesa hans tekstar i ulike program.
– For nokre år sidan hadde eg eit program i kyrkja i Valestrand. Økland kom og høyrde på, og eg trur han aksepterte meg som opplesar då, seier Vannebo, som dei siste åra har jobba med nynorsk-forfattarar.
Ny musikk
Det vil bli altså bli både diktlesing og musikk, med utgangspunkt i Økland si bok «Smil utan smilar».
– Ein kan ikkje fjuska når ein skal laga noko på ein 80-årsdag til Økland. Me har gått ordentleg inn for at det skal bli bra. Undertittelen på programmet er «ørkenvandringar». Musikken er heilt ny, komponert av Tandberg. Ho speler piano og John Pål Inderberg saksofon, røper Vannebo.
Bursdagsfeiringa var først sett opp med 100 gjester, men har seinare blitt justert til 50 billettar på grunn av korona. Sokneprest Arild Steinsland skal vera programleiar denne kvelden, og seier at arrangementet vil gå som planlagt. Ein lokal trio er også innbedne; forfattar Agnes Ravatn, ordførar Linn Therese Erve og kantor Alie Hamberg.
Gruar seg
Tilbake til hovudpersonen i Einar Øklands veg, som godt kjend vaksne trioen frå før, spesielt jazzmusikar Inderberg.
– Folka er strålande å høyra på i seg sjølv. Hadde det ikkje vore slik, kunne dette lett blitt ulideleg, det er kjekt at eg kan lika hovudmusikanten allereie, seier Økland, som har mange tankar om det som skal skje.
– Eg håpar ikkje det handlar om meg. Det er eit påskot for å laga eit arrangement. Eg skal vera glad når det er slutt, seier Økland, kjend og prisgitt for sine velskrivne ord gjennom mange år. I all beskjedenheit gruar han seg til å vera eit sentralt tema. Å treffa og prata med publikum gler han seg derimot til. Dei vanlege folka. Han tar for gitt at dei som ikkje likar slikt, held seg vekke.
– Trudde eg skulle døy
Økland har blitt feira ved dei fleste runde og halvrunde dagar sidan han fylte 50 år. 70-årsdagen sit spesielt godt i minne, då var det tredagarsprogram i Oslo, med presse og det heile. Tida før var prega av sjukdom, mogleg som følgje av å ha ete importerte sukkererter. Det kunne fort gått galne vegen.
– Eg var avmagra og avkrefta, men det har ordna seg utan eigeninnsats. Eg sat omtrent som ein deigklatt på Litteraturhuset i Oslo, men eg hadde det bra. Eg hadde vore sjuk lenge, men fekk aldri vita kva det var. Mi hypotese er at det var ein infeksjon som kom frå importerte, flate sukkererter. Statens folkehelseinstitutt sende ut til folk at dei hadde sett ein del tilfelle der folk blei alvorleg sjuke som følgje av dette, fortel Økland.
I følgje seg sjølv, er han derfor langt sprekare ved inngangen til 80-åra enn 70-åra, og det på trass av at han ikkje har eigd joggesko sidan han ferdig med gymnastikk i skuleverket.
Gåve frå bygdelaget
På sjølve bursdagen i år, evakuerte han til Bergen for eta og vera saman med barn og barnebarn.
– Eg reiste vekk i tilfelle nokon skulle komma på døra. I mitt eige miljø vil eg helst vera vanleg menneske. Sjølv er eg ikkje så flink til å hugsa andre sine fødselsdagar, eg synest det er kjekt å treffa folk anten dei er niogseksti eller seksogsytti.
Bygdelaget kom med gratulasjon, og den blei godt motteken.
– Dei har forstått det viktigaste, eg fekk eit gåvebrev på ein antikvitetsbutikk der eg fekk kjøpa meg noko gammalt skrot. Eg fann meg eit kunstnerisk bilde som ein stor kunstnar har laga, som eg set veldig høgt, seier Einar Økland.