Arne Valen trur interessa for dyrking av eigen mat berre vil auka. Og han meiner tilhøva for såkalla andelsjordbruk litt svært godt til rette i Sveio.
Arne Valen. FOTO: Einar Vestvik

Mindre mangfald i Sveio

Rådmannen i Sveio kommune har framlegg om avvikling av flyktningtenesta med tilhøyrande kommunale tenester til politisk handsaming nå før jul. Kommunen har frå 2007 til nå tatt imot 197 flyktningar. Desse har bidrege til eit meir mangfaldig Sveiosamfunn.

Rådmannen si grunngjeving er at ein ikkje har fått førespurnad om å busetje flyktningar i 2021. Han forklarar det med at store kommunar har sett krav om auka mottak. Eg vonar kommunen har formidla til Integrerings- og Mangfaldsdirektoratet (IMDi) om kva kompetanse ein har, og kor tilrettelagt integreringsarbeidet er i ein mindre kommune som Sveio. Sveio kunne vel også sett meir krav om mottak av flyktningar.

Flyktningar blir godt integrerte i Sveio. Frivilligsentralen har ein eigen stilling kopla til frivillige som jobbar med integrering med Vegvisar-prosjektet. Språksprell er og eit integreringstiltak på vekebasis. Idrettslaget og andre frivillige organisasjonar bidreg og til at Sveio er god på integrering. Førde skule og Vaksenopplæringa gjer det lovpålagde integreringsarbeidet med opplæring i norsk og  samfunnskunnskap på ein framifrå god måte. Kommunen tilbyr opplæring etter introduksjonslova på Førde skule. Førdebygda har vore sentral i busetjing av flyktningar med nærleik til offentleg kommunikasjon, skule og legekontor. Det er få flyktningar med førarkort og eigen bil. Nedlegging av mottak for flyktningar bidreg til å utarma bygda.

Det er ikkje kommunale pengar som finansierer Vaksenopplæring si undervisning i norsk og samfunnskunnskap. Persontilskotet frå  Staten dekker drifta ved Vaksenopplæringa. Vaksenopplæringa i Førde hadde 55 deltakarar i 2016-2017. No er det 25 deltakarar.

Grunnskoleopplæring for vaksne vert kjøpt av Haugesund kommune. I 2018 blei det betalt omlag 490.000 kroner for gjennomsnittleg 7 personar per semester til 70.000 kroner for kvar person. I 2019 ble det utbetalt 630.000 kroner for 8 personar vår og 10 personar haust. I tillegg betalar kommunen for skyss til og frå Haugesund.

Men det er ikkje berre flyktningar som kostar kommunen pengar til grunnskoleopplæring.  Nokre etniske sveibuar finn seg ektemake frå ikkjevestlege land. Mange av dei kjem til Sveio utan grunnskuleutdanning. Desse kostnadene fell ikkje bort om flyktningarbeidet vert avvikla.

I saka om avvikling av flyktningtenesta har kommunen berre med kva tenesta kostar. Sanninga er at kommunen har tent store beløp på flyktningarbeidet. Sveio kommune får integreringstilskot frå Staten etter kor mange flyktningar som vert busette. Tilskott skal dekkja utgifter som introduksjonsstønad, flyktningtenesta, kvalifiseringstiltak, barnehage- og skule, helsetenester, tolketjenester, sosialhjelp, barnevernstenester mm.

Frå  2012-2015 hadde kommunen eit overskot på 11,6 millionar kroner frå flyktningarbeidet, i 2016 var overskotet 5,3 millionar kroner, i 2017 var overskotet 5,3 millionar kroner, i 2018 var overskot 4,6 millionar kroner, tilsvarande overskot i 2019. Flyktningane har vore «god butikk» for kommunen. Flyktningar bidreg til at innbyggartalet aukar med barn i barnehage og skule. Talet på barn i barnehage og skule minkar slik framskrivinga ser ut. For Sveiosamfunnet vil derfor flyktningfamiliar vera eit positivt innbyggartilskot.

Når ein legg ned flyktningtenesta, tapar ein verdifull kompetanse, ein kompetanse det tar tid å byggja opp igjen om flyktningtilhøva endrar seg. Ein kan sjå at det er vanskeleg å driva eit fullt forsvarleg arbeid når ein ikkje får eit visst volum. Viss flyktningarbeidet blir for lite, blir det få stordriftsfordelar og for lite fagleg miljø. Her bør Sveio kommune vurdera eit initiativ om interkommunalt samarbeid.

Leiarar frå flyktningtenesta i grannekommunar har anbefalt det. Tysvær kommune skal mellom anna busetje 25 personar i 2021.

Eit stort fleirtal i Sveio kommunestyre gjekk i juni inn for at kommunen skriv under på oppropet «Evakuer barna fra Moria nå». Sveio, ein mindre kommune i Noreg, har også eit humanitært globalt ansvar om å ta seg av nokre av dei som må flykta frå krig og terror. Det handlar om menneske med same verdi som deg og meg.

Arne Valen,
kommunestyrerepresentant Sp