Agnes Ravatn er ein av dei sju som har fått eit innslag i podkastserien.
Agnes Ravatn er ein av dei sju som har fått eit innslag i podkastserien.

Lokale forfattarar med i ny podkastserie

«Heim til Sunnhordlandslitteraturen» er ei podkastserie som består av sju episodar. Biblioteka i Sunnhordland har laga si eiga podkast med lokale forfattarar, mellom anna Agnes Ravatn og Einar Økland.

Podkastane vil gi ein introduksjon til forfattarskapen, men også spørja spørsmål som: Kor er det diktarane finn inspirasjon og rekreasjon? Har staden og landskapet i Sunnhordland hatt noko å seia for forfattarskapet?

– Over 60 aktive forfattarar blir rekna som sunnhordlandsforfattarar. Me ønskjer å skapa større merksemd om dei ulike forfattarrøystene me har her i regionen, seier prosjektleiar Camilla Ruhs ved Stord folkebibliotek i ei pressemelding.

Kjekt prosjekt

– Det har vore eit veldig kjekt prosjekt å jobba med, seier Kristine Thorkildsen ved Stord folkebibliotek. Ho har vore teknisk ansvarleg for prosjektet og har vore med på fleire av intervjua saman med Ruhs.

– Eg håpar dette berre er starten. Biblioteka har eit mål om å vera ein viktig arena for samtale og debatt i lokalsamfunna våre. Me har mange arrangement og formidlingsaktivitetar. Med podkasten vår har me fått ein ny kanal der me kan nå endå fleire, seier Ruhs.

Seks er klare

Episodane med Anna Folkestad, Mats Rage, Anders Totland, Atle Hansen og Agnes Ravatn er klare, medan Einar Økland og Bjørn Sortland er ventande.

Podkasten (ekstern lenke, Stord folkebibliotek) er tilgjengeleg via heimesidene til biblioteka, Instagram og Facebook. Podkastserien «Heim til Sunnhordlandslitteraturen» har fått støtte frå Norsk kulturråd.

Her blir episoden med Agnes Ravatn (t.v.) spelt inn, med intervjuar Camilla Ruhs frå biblioteket på Stord.