Om nokon skulle vera i tvil, er Sveiokalenderen forsvarleg pakka, på alle måtar. Bak maskene skjuler representantar for styret i Sveio mållag, f.v. Åslaug Farestveit, Rune Hjelmeseter og Ole Jacob Ravn Ottesen.
Om nokon skulle vera i tvil, er Sveiokalenderen forsvarleg pakka, på alle måtar. Bak maskene skjuler representantar for styret i Sveio mållag, f.v. Åslaug Farestveit, Rune Hjelmeseter og Ole Jacob Ravn Ottesen. FOTO: PrivatBilde 1 av 3
Opplaget i år har auka med 50 eksemplar, 750 almanakkar er klar for pryda ein kvar vegg. F.v. Rune Hjelmeseter, Ole Jacob Ravn Ottesen og Ingebjørg Grutle Farestveit.
Opplaget i år har auka med 50 eksemplar, 750 almanakkar er klar for pryda ein kvar vegg. F.v. Rune Hjelmeseter, Ole Jacob Ravn Ottesen og Ingebjørg Grutle Farestveit. FOTO: PrivatBilde 2 av 3
Framsidemotivet ser ut til å vera eit skotsk høylandsfe, busett i Valevåg.
Framsidemotivet ser ut til å vera eit skotsk høylandsfe, busett i Valevåg. FOTO: Kristine Bakken OttesenBilde 3 av 3

Klar for eit nytt år med Sveiokalenderen

Eit nytt år nærmar seg, og Sveio Mållag gir ut ein organisator for å halda orden på dagar og veker.

Tida går, men Sveiokalenderen består. I år kjem den for 32. år på rad, konseptet er som det alltid har vore – eitt lokalt motiv for kvar månad i året.

For nokre år sidan inngjekk mållaget samarbeid med 9. trinn, som krydrar månadane med korte dikt. Dei bidreg også med sal. Som takk for hjelpa får dei ein del av inntektene, som skal gå til klassetur, om det blir for dette kullet vil visa seg, i alle tilfelle vil nok dugnadspengane komma dei til gode på eit anna vis.

Auka opplaget

Ole Jacob Ravn Ottesen overtok leiarvervet i Sveio mållag i vår. Til trass for eit trasig år, har det ikkje vore tema å ikkje gi ut kalendaren, som er trykt i Haugesund.

– Me tenkte å ha eit mindre opplag, men gjekk heller for å auka, slik at me i år har 750 eksemplar som me håpar å få solgt, seier Ottesen.

Torsdag kveld var tre mållagsmedlemmer og to av barna deira med og pakka kalendrane inn med i zip-lock-posar.

Butikkane får den òg

No er det slik at 9. klasse i Sveio har monopol på å selgja produktet, etter éi veke vil butikkane i Sveio også ha den for sal.

– Kjenner du ein 9. klassing og ønskjer kalender, er det berre til å ta kontakt. Det er fin reklame for kommunen, og ei moglegheit til å støtta mållaget, oppsummerer Ottesen, som personleg synest kalenderen blei flott i år også.

Opplaget i år har auka med 50 eksemplar, 750 almanakkar er klar for pryda ein kvar vegg. F.v. Rune Hjelmeseter, Ole Jacob Ravn Ottesen og Ingebjørg Grutle Farestveit. FOTO: Privat