– Viss me på tilsyn avdekker at nokon framleis ikkje gjer det dei skal for å hindra at dei tilsette blir utsette for smitte, vilme raskare enn i ein normalsituasjon ta i bruk tvangsmulkt og stans som pressmiddel, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim
– Viss me på tilsyn avdekker at nokon framleis ikkje gjer det dei skal for å hindra at dei tilsette blir utsette for smitte, vilme raskare enn i ein normalsituasjon ta i bruk tvangsmulkt og stans som pressmiddel, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim FOTO: Thor Nielsen

Arbeidstilsynet skal kontrollera smittevern i alle tilsyn

For å bidra til å avgrensa smittespreiinga i Noreg skal Arbeidstilsynets inspektørar nå ut og kontrollera at smittevernet blir tatt vare på på norske arbeidsplassar. Dei som bryt regelverket må rekna med korte fristar og strenga reaksjonar ved brot på regelverket om smittevern.

– Smittevern i samband med den pågåande koronapandemien vil frå no av bli kontrollert i alle dei planlagde tilsyna våre. Fiskeindustrien, verft, bilpleie og bygg og anlegg er blant bransjane som peikar seg ut med høg risiko for importsmitte, og som vi no vil prioritera, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim.

Oppdraget kom som ei følgje av at smitten av koronaviruset har auka betydeleg den siste tida, og at det er behov for ein betydeleg innsats for å bremsa spreiinga.

– Alle arbeidsgivarar må sørga for at dei tilsettes smittevern er tatt vare på. Dette er viktig både for den enkelte arbeidstakaren, og for å hindra ytterlegare smittespreiing i Noreg, seier Vollheim.