nyhende

Flokehyttene er vel så populære no som då dei opna for snart to år sidan.ARKIVFOTO: ØENE NORHEIM HÅLAND
Flokehyttene er vel så populære no som då dei opna for snart to år sidan.

Flokehyttene begeistrar redaksjonar i inn- og utland

Flokehyttene kjem til å setja Sveio på kartet, blei det sagt lenge før byggeprosessen var i gong. Denne veka har ei britisk tabloidavis inkludert hyttene i ei oversikt over topp stadar å besøka i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Rett nok blir ikkje Sveio nemnt i artikkelen, sør for Bergen er skildringa the Mirror, nettvarianten av «The Daily Mirror» går ut med. Det er kanskje like lurt, enn så lenge, for vestlandshovudstaden er gjerne byen britane kan ha ein relasjon til.

Vekkjer merksemd

Arkitekten som står bak utforminga synest det er stas med all merksemda som har kome. Ulike medier frå fleire land har omtalt Flokehyttene, og sjølvsagt mange norske. Denne veka har m.a.  the Mirror, og det nettbaserte arkitekttidsskriftet Archdaily omtalt Flokehyttene.

It’s all about the seascape here, south of Bergen. The cabins almost slide into the rocky terrain for just sitting and watching sunsets and storms alike through panoramic windows.The Mirror, britisk tabloidavis

Fjell og vidde (!) har til og med sett til havet. Ikkje alle journalistar har vore på staden, men har etter alt å dømma ut i frå bilder funne fram til at dette er ein spennande stad.

Den største er gjevast

– Respons har det vore mykje av, utelukkande svært positivt. Det kjekkaste eg personleg har fått høyra, var ho som blei så rørt at ho nesten blei på gråten då ho gjekk inn. Då rykka det litt i brystet, seier Roald Bø i Holon Arkitektur.

I byggeprosessen har han overnatta fleire gonger, for å vurdera overflater, lys og fargar – og med familien etter at hyttene var ferdige.

– Gjevast er den største hytta med 10-meters panoramavindauga. Faxe har noko med høgde og nærleik til sjø som eg likar ekstra godt, seier Bø.

No gler han seg til at stiar i området blir utvikla vidare.

Powered by Labrador CMS