nyhende

Bua bedehus 2016

«Ein sit ikkje seks timar ein laurdagskveld på basar lengre»

På slutten av 1990-talet skreiv Nils Lokna ein artikkel i Sogetidsskriftet for Sunnhordland om Bua Bedehus, der han skreiv bakgrunnen for at bedehuset vart bygt, om bruken av det og om korleis bedehuslivet arta seg og etter kvart utvikla seg. Etter oppmoding frå Vestavind, har han tatt føre seg korleis bedehuslivet har vore på 2000-talet og utfordringane det står ovanfor, lokalt og generelt.

Publisert Sist oppdatert

Sentrale leiarar

Styret vert vald i januar under årsmøtet kvart år. Det har vore lite utskifting. Johannes Lønning sat som leiar frå 1980 til 2012. Dei andre medlemmene sat og i mange år kvar. Det var mykje eldre folk i styret heile tida. Folk fødde frå 1970-åra og oppover byrja å verta valde inn frå 2012. Håkon Ferstad kom med då.

Ein kan vanskeleg overvurdera innsatsen til Johannes Lønning som styreformann. Han brukte mykje av si tid til å fylgja opp huset. Det vart oppgradert med nytt utstyr i kjøkenet. Heile bygningen vart pussa opp  innvendig i 2002. Utlegga vart budsjetterte til å koma på 100 000 kroner. Det vart leigd inn profesjonell snikkar, elektrikar og malar. Det måtte takast opp eit lån på 50 000 kroner. Det vart betalt ned på få år.

Johannes Lønning.

Frå 2012 har bedehusstyret vorte leia av ein troika. Denne troikaen er samansett av Aud Hovda, Judith Misje og Kåre Bua. Det indre livet i bedehuset har Hovda og Misje hovudansvaret for, medan den ytre bygningen og området rundt fell på Bua. Ein driv heile tida med oppussing og vedlikehald. I kjøkenet, til dømes, har ein oppgradert utstyret. Ein har fått ein heilt naudsynt steamer. Elles vart utedøra bytt ut i 2019.

Kollekt og basar

Økonomien er viktig når ein skal halda eit forsamlingshus i stand. Den viktigaste inntektskjelda er bedehusbasaren. Den går av stabelen kvart år i mars. På grunn av koronatiltaka skipa ein til basaren 24. oktober i 2020, faktisk på hundreårsdagen for bedehuset. Men det var umogleg med feiring. Ei lita gruppe på 26 personar samla seg. Dei høyrde på ein tale/andakt, tok lodd på gevinstar gjevne av folk i krinsen og til slutt var det utlodding. Dette var over på eit par timar denne laurdagsettermiddagen.

På sjølve 100-årsdagen skulle det vera storstilt markering. I staden blei det ein koronavennleg basar med 26 frammøtte.

Det var noko anna enn dei gamle basarane som varte frå klokka 19.00 til 24.00 på laurdagskveldane. I år med heller lite oppmøte fekk ein likevel inn ca 20 000 kroner. Til samanlikning fekk ein inn 16 000 kroner i 2002, 14 900 i 2008 og 21 000 i 2013.

Vidare tek ein 700 kroner i leige for huset i dag, opp frå 400 i 2008 og 200 før det. Kollekt vert teken opp ved regulær bruk. I dag gjeld dette til dømes tysdagstreff, frukostar og juletrefestar.

På juletrefesten i 2013 kom det inn 3 916 kroner. Elles får ein av og til gåver. Økonomien har på sikt vore i balanse. Det var til dømes i 2010 eit underskot i rekneskapen på 5 866 kroner, medan det i 2011 var eit overskot på 3 710 kroner. Dei faste utlegga må ein klara for å få huset til å fungera, og det har ein greidd til no. Det har til og med vore pengar til overs for vedlikehald og investeringar, og det i tillegg til dugnadsinnsatsen.

Tirsdagstreff på bedehuset i 2016. Frå venstre: Judith Misje, Aud Hovda, Berta Ferstad og Magnhild Heltberg.

Når ein legg saman alle gongene bedehuset er i bruk gjennom eit år, får ein eit høgare tal enn mange skulle tru. Huset er i bruk meir enn ein gong i veka. I 2008 var det registrert 81 tilstellingar. Det er ramsa opp tysdagstreff, søndagsskule, yngres, bønnemøte, vanlege møte, basarar, bibeltimar, festar, minnesamvær og fødselsdagsfeiringar. Somme år er huset også utleigd til dåpsmarkeringar og like til tidleg på 2000-talet vart bedehuset brukt under røysting ved val.

Nokre av tilstellingane er tradisjonsrike. Den fremste her er juletrefesten, som i vår tid vert skipa til i romjula. Det er ein familiefest på to-tre timar med ein liten andakt, utdeling av godteposar til borna, mat til dei vaksne og sjølvsagt juletregong. Juletrefesten er om ettermiddagen i våre dagar.

Ein har til sist ein kollekt for å dekka utlegg og for å styrkja økonomien. Bruk av inngangspengar forlet ein for få år sidan. Ein har i alle høve ikkje tent noko på overgangen til kollekt, seier styret. I seinare år har talet på juletrefestdeltakarar auka frå under 50 til 70-80. Basarar var ryggrada i det gamle bedehusmiljøet, og då helst basarar til inntekt for misjonen.

Aktivitetar

Bua bedehuskrins har som ein av få i distriktet framleis ei misjonsforeining: Bua og Hovda kvinneforening. Basar skipar dei til kvar haust. I 2020 har dei måtta vika plass for bedehusbasaren som på grunn av korona-problem måtte få bruka deira dato. Det vart såleis ein bedehusbasar i 2020 óg. Men her gjeld det å få inn pengar til drifta, og det var viktigast.

Søndagsskulen har alltid vore prioritert. Mange ungdommar og vaksne har gjennom åra vore med som leiarar. Dei seinaste åra fall det meste av ansvaret på Judith Misje og Aud Hovda. Aud Hovda har vore med sidan 1973. Det hadde minka med oppmøtet. No møtte ca. 10 opp, tidlegare var det 20-30.

Judith Misje meiner at avviklinga av Bua skulekrins hadde mykje å seia for at ungar slutta å koma. Ein kjende ikkje tilhøyrsle til krinsen lenger. Borna hadde så mange andre interesser dei prioriterte. Dessutan byrja dei to søndagsskulelærarane å dra på åra, meinte dei. Ingen har så langt prøvd å dra søndagsskulen i gong att. Ein freista og å skipa ei yngresgruppe. Den heldt det gåande i 10 år, frå 2000 til 2010.

Tysdagsmøte  i lunsjtida har vore tradisjon frå 2000 av og til no. Det møter 10-20 personar, helst kvinner. Ein har ord for dagen, elles samlast folk rundt mat og samtale. Dei heilt sist åra har bedehuset i samarbeid med Tjernagel bedehus laga til frukost for pensjonerte menn ein gong i månaden. Dette har synt seg å vera ei særs populær samling. Det har vore mykje folk og praten har stått i taket.

Aud Hovda dreiv søndagsskulen på Bua bedehus i 42 år, dei siste 25 åra i lag med Judith Misje. I 2015 var epoka over. Hovda håpa nokon kunne ta over, men slik har det ikkje blitt.

Ein har skipa til vårfest i april og tidlegare også haustfest og nokre gonger adventsfest. Søndagsskulen var med og arrangerte desse. Sidan 2015 er søndagsskulen ute, og berre vårfesten syner att i referata. Men under vårfesten deler Bua bedehus ut biblar til konfirmantane for året frå Buakrinsen; difor er dette ein viktig fest.

Elles vert det arrangert vanlege religiøse møte med talarar frå ulike stader; mange frå Auklandshamn og Karmøy. Det er eit nært samarbeid med pinsevenene i Auklandshamn. Bedehuset samarbeider og med andre kristne lag i Sveio og har sams bibeltimar med dei.

Eit samfunn i endring

Så kan ein lura på kvifor Bua bedehus i dag står fram som eit velstelt samlingslokale både frå utsida og innsida. For det er ikkje opplagt at det er slik. Mange bedehus har gjennom fleire tiår no vorte lagde ned. Dei som står att, er ofte ikkje i bruk. Her kan me nemna Mølstre bedehus og Eltravåg bedehus på vestkysten av Sveio. Somme er selde og vortne avvigsla, som Vikse bedehus, eller har vorte kyrkje i ei anna kristen kyrkje, som Saltveit bedehus i Skåre.

Tjernagel bedehus har derimot greidd seg. Ein finn mykje av svaret på utviklinga i  samfunnsforandringar etter den andre verdskrigen. Med bilismen vart folk meir mobile, med betre økonomi fekk folk meir materielle ting å velja mellom. Med radio og TV fekk folk verda inn i stova, og telefonen vart vanleg. Det var ikkje naudsynt lenger å gå på det næraste forsamlingshuset for å møta folk for slik å halda seg oppdatert og få sosial kontakt. Velstanden og større kontakt med omverda gjorde at folk prioriterte i større grad bort religionen. Dei hadde ikkje så mykje bruk for han lenger. Så vart laurdagskvelden mykje gjort om til ein kosekveld med nærfamilien. Ein sit ikkje seks timar ein laurdagskveld på basar lengre.

Og spesielt ungdomen søkjer utover. I gamle dagar var lett påsegla ungdomar gode loddkjøparar på basarane. Slik er det ikkje no. Ei ca. tre timars økt med raskt loddsal, mat og ein liten andakt får basaren unna. Likevel har somme bedehus overlevd. Det må vera noko spesielt med miljøet.

Alle som følgde med, såg at den mangeårige bedehusstyreleiaren, Johannes Lønning, arbeidde jamt og mykje for å halda bedehuset i stand. Slik greidde han å dra til seg folk i styret som og var mykje interesserte å halda bedehuset i hevd. Ein ser mykje av det same i Tjernagel; eit sterkt miljø som står på for sitt bedehus. Men det er ikkje enkelt å halda oppe aktiviteten i dag. Søndagsskulen stoppa oppav di færre ungar møtte opp. Leiarane kom opp i åra og det var lite avløysing. Ein del andre aktivitetar har vorte reduserte. Men juletrefestane er eit lyspunkt. Oppmøtet har auka dei siste åra. Her har ein kanskje treft ei nostalgisk nerve. Frukostane for pensjonerte menn er ein stor suksess. Det skuldast mykje den systematiske innsatsen til Helge Bua. For tida steller han også uteområdet i sommarhalvåret. Men det er dei same tilårskomne folka som sit i styret år etter år. Det er få folk under 60år som engasjerer seg. Eit unnatak er viljen til å gjera dugnad. Då møter mange opp.

Somme er redde for at det vil stoppa opp om ikkje lenge. Å få ein person til å vera leiar er vanskeleg enda om det har fungert godt dei siste åtte åra med ein leiartrio. Og kva skal ein tilby folk i framtida? Er unge folk vanskelege å  få med på opplegg? Her må folk i lekmannsrørsla arbeida med framlegg til nye tilbod. Medlem av styrartroikaen i 2020, Judith Misje, set si lit til ei ny vekking.

Nils Lokna,
2. november 2020

Kjelder:
• Referatbok for styret i Bua bedehus.
• Samtalar med styrartroikaen av 2020

Powered by Labrador CMS