politi bil front
FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkiv

Mista førarkortet etter fleire forbikøyringar

Klokka 09.35 måndag føremiddag fekk politiet melding om uforsvarleg køyring med privatbil, som nesten førte til frontkollisjon. Den aktuelle bilen tok m.a. ei forbikøyring i Førde.

Føraren blei stoppa av UP på Stord, like nord for Bømlafjordtunnelen. Bilen blei målt til å ha køyrd i 93 km/t. i 80-sona. Som følgje av dette, mista føraren, ein mann i 20-åra førarkortet. Han er også anmeld for køyringa.

– Bilen blei målt til å ha køyrt 93 km/t i 80 sone. Men det var ikkje avgjerande for at førarkortet rauk, det var alle forbikøyringane, fortel vaktsjef Gunnar Sande, ved Haugesund politistasjon.