Koronavennleg drillkonkurranse går også an, med éin og éin tropp om gongen. Her er utøvarane frå Sveio drill i finstasen, for første gong på lenge.
Koronavennleg drillkonkurranse går også an, med éin og éin tropp om gongen. Her er utøvarane frå Sveio drill i finstasen, for første gong på lenge. FOTO: Privat

Drillutøvarane fekk endeleg konkurrera igjen

Før første gong på ni månader var Sveio drilltropp på konkurranse i helga. Haugesund drillkorps arrangerte Høstdrill i Vardafjellhallen for troppane på Haugalandet. Sveio drill deltok med 25 utøvarar. Det var kjempekjekt å vera på konkurranse igjen, sjølv om det var ein annleis konkurranse utan publikum og utan andre troppar i hallen på same tid. Sveio drill fekk 13 gull, 4 sølv og 2 bronse.

Inger Emilie K. Panayiotou 
Sveio drill