Barn og vaksne i Freiaparken i Oslo, som blei anlagt rundt 1920.
Barn og vaksne i Freiaparken i Oslo, som blei anlagt rundt 1920. FOTO: Arnljot Løvstad. Arkivreferanse: Arkivverket/Riksarkivet/Freia A/SBilde 1 av 5
Gruppebilete i heimen til familien Floor i Stine Lunds gate, ca. 1916-1920. Framme frå venstre nr. 2 Johanne Adolfine Floor. Bak til høgre Otto Thorvald Floor.
Gruppebilete i heimen til familien Floor i Stine Lunds gate, ca. 1916-1920. Framme frå venstre nr. 2 Johanne Adolfine Floor. Bak til høgre Otto Thorvald Floor. FOTO: Familien Floor. Arkivreferanse: Arkivverket/Statsarkivet i Stavanger/Familien Floors fotoarkivBilde 2 av 5
– Bilete av alle personsedlene og tilhøyrande lister er frå 1. desember tilgjengeleg i Digitalarkivet. Over 650 frivillige, blant anna frå organisasjonen Slekt og data, har lagt ned ein stor innsats og brukt mykje av fritida si for å gjera folketeljinga muleg å søka i. Dei fortener ein stor takk! rosar riksarkivar Inga Bolstad.
– Bilete av alle personsedlene og tilhøyrande lister er frå 1. desember tilgjengeleg i Digitalarkivet. Over 650 frivillige, blant anna frå organisasjonen Slekt og data, har lagt ned ein stor innsats og brukt mykje av fritida si for å gjera folketeljinga muleg å søka i. Dei fortener ein stor takk! rosar riksarkivar Inga Bolstad. FOTO: ArkivverketBilde 3 av 5
Bustadforhold på Oslos Austkant, 1920-talet. Nanna Broch (1879-1971) var bustadkontrollør i Oslo helseråd. Ho tok ei rekkje fotografi som dokumenterer bustadforhold i arbeidarstrøka i Oslo på 1920-talet. Ho dokumenterte trangbuddheit og bustadnaud, og ho såg blant anna kor hardt husmødrene sleit som følgje av dårlege sanitære tilhøve.
Bustadforhold på Oslos Austkant, 1920-talet. Nanna Broch (1879-1971) var bustadkontrollør i Oslo helseråd. Ho tok ei rekkje fotografi som dokumenterer bustadforhold i arbeidarstrøka i Oslo på 1920-talet. Ho dokumenterte trangbuddheit og bustadnaud, og ho såg blant anna kor hardt husmødrene sleit som følgje av dårlege sanitære tilhøve. FOTO: Nanna Broch. Arkivreferanse: Arkivverket/Riksarkivet/Broch, NannaBilde 4 av 5
Ågot Louise Floor (nr. 3 frå venstre) med venninner, ca. 1916-1920.
Ågot Louise Floor (nr. 3 frå venstre) med venninner, ca. 1916-1920. FOTO: Arkivreferanse: Arkivverket/Statsarkivet i Stavanger/Familien Floors fotoarkivBilde 5 av 5

No er folketeljinga for 1920 tilgjengeleg i Digitalarkivet

Dei aller fleste vil finna ny og spennande informasjon i folketeljinga for 1920 som no er lagt ut.

I dag, 1. desember, blei folketeljinga for 1920 publisert på Digitalarkivet. Dette er ei unik historisk kjelde til informasjon om Noregs befolkning, og gir ein augneblink av samfunnet for hundre år sidan.

– Dette er det mange som har venta på. Folketeljingane er viktige for alle som driv med slektsgransking og lokalhistorie, og dei er det mange av. I tillegg kan opplysningane bidra til ny innsikt for forskarar innafor fleire ulike disiplinar, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Omfattande og detaljert

Ifølgje riksarkivaren er 1920-teljinga meir omfattande enn tidlegare teljingar. I tillegg til mange opplysningar om einskildpersonar, seier den også noko om kven som var til stades i huset ved teljingstidspunkt og – for første gong – detaljar om buforhold.

Det blei også laga statistikk over vanføre og arbeidsudyktige, og i Nord-Noreg blei nasjonalitet og språk registrert.

Kva meir kan me finna ut?

I folketeljinga for 1920 kan du finna både kjente og ukjende nordmenn, og sjå korleis dei levde og kven dei budde saman med. Du kan til og med finna ut kven som var på besøk kor, akkurat på dagen 1. desember 1920.

Folketeljingane gir også hint om korleis ein kan finna igjen personar og relasjonar. Til dømes kan ein person i Sveio «forsvinna» frå kjeldene etter teljinga i 1910, og ein veit ikkje kor ein skal leita vidare. I 1920-teljinga kan ho dukka opp som gift i Oslo, med ektemann og born fødd i Stavanger. Dermed kan ein nøsta vidare i kyrkjebøker og andre kjelder for Stavanger for å få vita meir om henne og familien.

Gå til folketeljinga 1920 her.