Det går mot jul, og me i Vestavind ønskjer oss barneteikningar! Du kan teikna kva du vil, så lenge det har noko med ditt forhold til jula å gjera. Finn fram eit A4-ark og sterke fargar. Teikningar kan sendast til oss på tips@vestavind-sveio.no eller leggjast i postkassa vår, i Sveiogata 72.
Me vil trekka ut to teikningar, som blir premierte med kvar sin spelpakke frå Sveio Libris & Ringo. For å vera med i trekninga, må ein vera under 14 år.
Nokre av teikningane vil koma på trykk i avisa, medan alle vil bli vist på nettavisa. Fristen for innlevering er måndag 14. desember.