Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Sveio har størst legemeldt sjukefråver i Sunnhordland

Det samla legemeldte sjukefråveret for juli, august og september var på 4,6 prosent i Sunnhordland. Det er ei auke på 9,4 prosent samanlikna med i fjor, viser tal som NAV har fått inn frå legane. Dette blir oppgitt i ei pressemelding.

– Sjukefråveret blir påverka av koronaepidemien og smitteverntiltak. Fråveret er høgare i 2020 enn det har vore dei føregåande åra. Ser me vekk i frå koronaeffekten, kan me sei at trenden for sjukefråveret har vore tilsvarande tidlegare år, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I 3. kvartal var det 2 323 sjukefråverstilfeller med varighet 16 dagar eller mindre. Det er 203 fleire enn i fjor.

– Korttidsfråveret utgjer nesten to tredjedelar av det totale sjukefråveret, og me ser at andelen er høgare i år enn tidlegare. Me er ikkje overraska over auken, og det er truleg som ein konsekvens av koronaepidemien, seier Østerlid.

Det er høgast sjukefråver i Sveio (5,0%), Tysnes (4,9%) og Kvinnherad (4,8%), medan det er lågast sjukefråver i kommunane Etne (3,9%) og Fitjar (4,1%).

Det legemeldte sjukefråveret i Vestland er 4,6 prosent, det same som i Sunnhordland.