Julekonsert Valestrand kyrkje
Valevåg bygdalag
FOTO: Privat

Julekonsert i Valestrand kulturkyrkje 2020

Søndag 13. desember arrangerer Valestrand bygdelag for sjette året på rad den etterkvart så tradisjonelle julekonserten i Valestrand kulturkyrkje. Konserten er eit nonprofit-arrangement basert på dugnadsinnsats frå lokale krefter der publikum i år får høve til å gje ei gåve til Frelsesarméen på Stord og den innsatsen dei gjer i samband med julehøgtida.

Sidan konserten i år er på sjølvaste luciadagen blir dette markert med luciaopptog. Førde skulemusikkorps, som har musikantar frå både Førde og Valestrand, skal medverka, og ordførar Linn Therese Erve kjem og deler tankar med oss i førjulstida. I tillegg blir det song- og musikkinnslag ved lokale aktørar. «Vadlasletta» og Valestrand Mannskor delték sjølvsagt slik dei har gjort «i alle år», og publikum skal òg få høve til å vera med på to-tre allsongar.

Den største utfordringa i år er at det berre kan vera 50 personar inne i Valestrand kulturkyrkje under julekonserten, noko som betyr at det ikkje er plass til stort fleire enn dei som er aktørar. Arrangementskomitéen har difor valt å leggja til rette for at publikum skal få oppleva konserten på storskjerm utanfor kyrkja dette året, der det vil det bli lagt opp til fin førjulsstemning med god fyr i bålpannene og gratis gløgg til publikum. Utekonsert midt i desember på litt over éin time er krevjande for alle partar, og publikum blir difor særleg oppmoda om å kle seg godt eller ta med pledd. Det vil vera ein del stolar tilgjengeleg på uteområdet, men dei som treng sitja må gjerne ta med eigen stol.

Av smittevernomsyn kan det vera maksimalt 200 personar til stades på konserten, og uteområdet vil difor bli avsperra. Med tanke på eventuell smittesporing blir publikum bedne om å levera lapp med namn og telefonnummer ved inngangen til området.

Véret er det ingen som rår med, og blir det uvér med mykje nedbør og/eller vind vil julekonserten bli freista sendt direkte på facebooksida til Valestrand bygdelag. Nærare informasjon om dette vil i så fall bli gjeve på lokale facebookgrupper fram mot starttidspunktet for konserten.

Valestrand bygdelag ønskjer med dette alle hjarteleg velkommen til julekonserten i Valestrand kulturkyrkje søndag 13. desember, og håpar me alle kan få ei fin førjulsstund i lag der me samstundes kan vera med og gje eit bidrag til Frelsesarméen og deira arbeid no rundt jul.

Venleg helsing arrangementskomitéen for julekonserten i Valestrand kulturkyrkje 2020,
Hans C. Andersen, Elin Dalland Hetlesæter og Bjarne Hetlesæter