Kjersti Toppe og Nils T Bjørke.
Kjersti Toppe og Nils T Bjørke.

Stortingsval 2021:

To frå Sunnhordland på Senterpartiet si liste

Hordaland Senterparti har halde nominasjonsmøte, og har no vedteke ei liste med 22 namn til stortingsvalet i september 2021. Kjersti Toppe (Bergen), Nils T Bjørke (Voss) og Hans Inge Myrvold (Kvinnherad) toppar lista.

– Det er ei stor ære å bli nominert av Hordaland Sp, og nominasjonsmøtet har samla seg bak ei veldig god liste. Eg ser fram til at me saman skal gjera ein knallgodt val i Hordaland til hausten. Målet er at landet skal få ei regjering og ein ny kurs. Hordaland Sp stiller med eit særs sterkt lag til jobben, seier Kjersti Toppe.

Frå Sunnhordland er det to kandidatar, Jakob Bjelland frå Stord (6. kandidat) og Bjørn Asle Teige frå Bømlo (20. kandidat).