nyhende

Filip blei «Årets lærling» i Bygg og anleggsteknikk i Vestland

Filip Turkerud frå Sveio er kåra til «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Vestland. Turkerud er tømrarlærling hos Engelsen Bygg AS.

Publisert Sist oppdatert

Premien på 10 000 kroner og eit diplom blei overrekt av Johnny Olsen frå Opplæringskontoret for Bygg- og Anleggsteknikk. Byggopp er ein landsdekkande kjede beståande av 10 opplæringskontor med tilknytning til Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA)

Positiv og engasjert

Dagleg leiar i Engelsen Bygg AS, Roald Urnes gir Filip Turkerud dei beste skussmål. Han beskriv lærlingen som ein usedvanleg positiv og engasjert lærling, som ikkje er redd for å stilla kritiske spørsmål.

– Han er lærevillig, pliktoppfyllande, har stor arbeidskapasitet og eit sprudlande humør, seier Urnes.

Turkerud gjekk Bygg- og anleggsteknikk på Haugaland videregående skole. I Engelsen Bygg er han lærling på andre året. Til våren er han klar for fagprøva.

– Eg blei svært overraska og glad for å bli kåra til «Årets lærling». Eg fekk vita det på arbeidsplassen på måndag, då kom HR-leiar Kristina Velde Sande, med eit stort smil, julebrus og gladnyheita, fortel 19-åringen.

– Kva skal du gjera med premien?

– Eg skal nok spara ein del av pengane, men eg skal også kjøpa ny kjøkkenmaskin til sambuaren min.

– Og etter fagbrevet?

– Planen er å fortsetta i Engelsen, om dei vil ha meg då, smiler den glade vinnaren.

Uavhengig jury

Det er verksemdene som nominerer dei beste kandidatane til tevlinga om å verta «Årets lærling». Deira fråsegner om lærlingane sine faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar, vert vurdert og bedømt av ein uavhengig jury i bransjen.

I kåringa av «Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen i Vestland delte Filip Turkerud sigeren med Lillian Nummedal Bryn frå HS Bygg i Stryn.

I betongfag-klassen vart førsteplassen delt mellom Sofie Øian frå Veidekke Bergen og Henrik Wisth som jobbar hos Brødrene Ulveseth i Bergen.

Mellom betongfaglærlingane vart det óg kåra to på delt andreplass; Janniche Næss Bergås frå Backe Bergen og Audun Haukeland, som er lærling i Obas Vest i Bergen. Dei fire vinnarane får 10 000 kroner og dei to på andreplass 5 000 kroner kvar.

Imponert over nivået

– Eg er imponert over det faglege nivået til kandidatane, og over innsatsen leiarar og instruktørar i verksemdene gjer for å utdanna dyktige fagarbeidarar.

Det seier jurymedlem Mads Wiik Kleven, som representerar Fellesforbundet i styret for Byggopp Vestland. Han takkar óg dei tilsette på opplæringskontoret i Bergen og Førde som har ansvar for over 400 lærlingar i større og mindre entreprenørverksemder i fylket.

Powered by Labrador CMS