Linn Therese Erve, ordførar for Sveio kommune.
Linn Therese Erve, ordførar for Sveio kommune. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Kjære sveibu

Me er godt inne i adventstida. Julehøgtida nærmar seg, og me tenner lys både ute og inne i den ellers mørke tida. Jula er høgtida for likeverd. Eg ønsker å bu i eit samfunn der me er rause me kvarandre, der me ser og respektere kvarandre, der me kan vere den ein vil uansett form, farge, bakgrunn og meiningar. I denne tida oppmodar eg til å sende nokon ei hyggeleg melding, eller smile til dei du går forbi. Det er ofte små ting som kan gjere dagen til andre god.

Året som har gått har vore prega av korona og smittevern. Me har hatt mindre lokale utbrot i Sveio, som administrasjonen har handtert på ein svært god måte. Eg opplever at sveibuen held seg til dei smitteverntiltaka som gjeld til ei kvar tid.

Sjølv om store delar av året har vore prega av Covid-19, ser me at det har skjedd ting i kommunen vår. Sveiogata er no ferdigstilt, og er blitt fantastisk flott. Arbeidet med det nye byggefeltet «Sveiåsen 3» er òg starta. Kommunestyret har vedteke å opparbeide nytt uteområde på Sveio skule. Dette er viktige tiltak for å gjere Sveio til ein enda betre kommune å bu i, og for få nye innbyggarar.

Dagsturhytta «Nipaståvo» skal settast opp på nyåret. Eg håpar mange får gode opplevingar på denne hytta i tida framover. Sveio har mange fine turløyper rundt om i vår flotte natur. Eg oppmodar dykk å ta i bruk turheftet som blei sendt til alle i Sveio tidlegare i år.

Kommunestyret vedtok i år at me skal i gong med ein eigarskapsstrategi for Ryvarden. Dette arbeidet er me i gong med, og det vil fortsetta i 2021. Flokehyttene på Ryvarden er ein stor suksess, og har skapt både nasjonal og internasjonal merksemd. Mange har besøkt vårt flotte kulturfyr denne hausten, og eg håpar mange tar turen i året som kjem.

Viktige investeringsprosjekt som badeanlegg, fleirbrukshall, aktivitetshus, brannstasjon og ny kommunal barnehage i sentrum blir det jobba kontinuerleg med. Eg ser fram til å få ferdig desse prosjekta i løpet av dei neste åra.

Sjølv om aktiviteten har vore mindre i år enn tidlegare, ser eg innsatsen og engasjementet rundt om i kommunen, med til dømes kiosk på strando i Førde, Olsokfeiring på Kysttunet, kafé på Gullnaustet på Bua, Kvednadagen, og sist julekonsert i Valestrand kulturkyrkje. Det er flott å sjå at ein har fått til aktiviteter og i annleisåret 2020.

Sveiosamfunnet har vist gong på gong at dei vernar om sine sambygdingar når nokon treng hjelp og støtte. Spleis-innsamlinga til ein familie i Førde som mista far sin viser dette. Rausheten og samhaldet viser seg frå si beste side her. Slike ting gjer meg stolt av å vere dykkar ordførar.

Kommunestyret har nettopp vedteke budsjett og økonomiplan. Eit budsjett som vil gi gode tenester til deg som innbyggar og vidareutvikling av kommunen vår.

Eg ser fram til godt samarbeid i 2021, og gler meg til å sjå utviklinga til det beste for Sveio i åra som kjem. Eg vil ønske dykk alle ei god jul og ei velsigna julehøgtid. Med ønske om alt godt i det nye året. Ta vare på kvarandre.

Beste helsing
Din ordførar,
Linn Therese Erve