Førde skule kan
Førde, desember 2020. FOTO: Irene Flatnes HaldinBilde 1 av 6
Gnr. 121 Førde.
Gnr. 121 Førde.Bilde 2 av 6
Husa på prestegarden i Førde ligg fint til med utsikt over bygda.
Husa på prestegarden i Førde ligg fint til med utsikt over bygda. FOTO: Kanelønning/Sveio gards- og ættesogeBilde 3 av 6
Rutebåten kjem. Det kvite huset på kaien inneheld bustad, landhandel og ekspedisjon. Røyken som stig opp kjem frå bakar Ottesen sitt hus (bnr. 50). Biletet er teke i 1924.
Rutebåten kjem. Det kvite huset på kaien inneheld bustad, landhandel og ekspedisjon. Røyken som stig opp kjem frå bakar Ottesen sitt hus (bnr. 50). Biletet er teke i 1924. FOTO: KannelønningBilde 4 av 6
«Vestbygdo» i Førde i 1924.
«Vestbygdo» i Førde i 1924. FOTO: KannelønningBilde 5 av 6
Gnr. 120 Myklavoll.
Gnr. 120 Myklavoll.Bilde 6 av 6

Fjordbygda Førde i Hordaland

Bygda Førde ligg i Sveio kommune i Sunnhordland. Kommunen ligg på ei halvøy, som grensar til Bømlafjorden i vest, og Ålfjorden i aust. Bygda ligg ved botnen av ein fjordarm frå Bømlafjorden. Lengst inne utvidar fjorden seg til ein poll; Førdespollen, som er omkransa av øyar og holmar. Dei dannar også eit vern mot Bømlafjorden. Frå Bømlafjorden går det også ein fjordarm inn til Rødspollen og Drangsvågen, i Sveio tidlegare herad.

Bygda femner om 3 gardsnummer (gnr.) 119 Solheim, 120 Myklevoll og 121 Førde. Ein må difor skilja mellom bygda Førde og garden Førde. Under kvart gnr. er det fleire bruksnummer (bnr.). Kvar ny eigedom får sitt eige b.nr. I fylgje Gards- og ættesoge for Sveio, er Førde tvillaust den eldste garden på denne kanten av bygda. Truleg var Førde ein storgard som grannegardane mellom Ålfjorden i aust og Førdespollen i vest er utskilde frå. Her er gravhaugar og jordfunn frå bronse- og jernalder, som stadfester garden sin alder. I utmarka til eit av bruka ligg Geitalemen, ein buplass frå steinalderen.

Førde var i si tid ein sentral stad. Her budde både lensmannen, presten og distriktslækjaren, sjølv om ansvarsområdet deira femnde om heile nåverande Sveio kommune. Dette hadde kan henda samanheng med at her var god hamn for ruteskip.

Edvard Fjærtoft var først lensmann i Jondal. Etter det var han lensmann i Sveio frå 1907-1921. Sonen Styrk Fjærtoft var lensmannsbetjent til 1921, og deretter lensmann i 42 år. Han var ein samfunnsbyggjar. Han ivra sterkt for kraftutbygging, og han var m.a. styreformann i Haugaland Kraft i mange år. Like ved butikken i Førde er det reist ei statue av han. Han var også riddar av St. Olav.

Husa på prestegarden i Førde ligg fint til med utsikt over bygda. FOTO: Kanelønning/Sveio gards- og ættesoge

Før Edvard Fjærtoft kom til Førde, budde det endå to lensmenn i bygda. Det var Karl Monsen og Christopher Løvvig. Sistnemnde samla eit mangfaldig lokalhistorisk tilfang frå Sunnhordlandsbygdene. Dette er nå på Statsarkivet i Bergen. Dei budde på bnr. 6, eigedomen der bankbygget står nå. Etter Styrk Fjærtoft vart Ragnvald Bjørke lensmann i Sveio.

Kr. Kristensen frå Bergen f. 1871, var distriktslækjar i meir enn 40 år. Etter krigen vart det bygt ein ny bustad med kontor for distriktslækjaren, midt i bygda. Denne bygningen er i dag i privat eige. Det er framleis eit kommunalt lækjarsenter i Førde.

Utbygginga av Prestegarden tok til i 1870, ved at Opplysningsvesenets Fond kjøpte bnr. 1 og 2 på Solheim, og slo dei saman til eitt bruk. Dei som eigde bnr. 1, var Gunnar Tørresson og kona Ingeborg Jensdtr. Dei kjøpte eit gardsbruk i Kvalvåg i Sveio. Dei hadde fleire born, og ein av sønnene Karl Johan, kjøpte eit gardsbruk på Lier i Sveio. Han var farfar til Reidar Lier m. fl. Den første presten som budde i Prestegarden, var Erik Thormodsæter frå Bømlo. Han var sokneprest i Sveio frå 1868 til 1873. Den dag i dag bur ein av prestane i Sveio i denne bygningen, men jordbruksarealet er bortleigd. Prestegarden var det største gardsbruket i bygda. Den første tida hadde visst presten sjølv ansvaret for drifta. Seinare vart bruket pakta bort. Det var bygt ein eigen bygning for paktaren. Både denne og løa er nå borte. I tidsrommet 1930-1966 var det fire paktarar på Prestegarden.

Det opphavlege namnet på garden var truleg Firdi, som er ein dativ av fjordr, fjord. Namnet Fjære er også ofte brukt om område som ligg inst i ein fjord; jamfør Fjæra i Åkrafjorden. Fjære skipreie heldt til i Førde. Fjære Sparebank var i si tid lokalisert her. Det var gardbrukar og fanejunker Johannes Thomasson Førde, f. 1840, som grunnla denne banken, som også vart styrt av tre generasjonar i denne slekta. Fram til andre halvdel av 1950-talet heldt banken til i Tinghuset. Då vart det reist eit nytt bankbygg lengre oppe bygda. Banken er nå nedlagd.

Bygda er delt i to av ein elvedal. Solheim og Myklevoll ligg på austsida, Førde på vestsida. Denne garden har det meste av busetnaden i bygda, og femner også om dei mest sentrale delane. Omkring år 1900 var det tre handelsmenn i Førde. Det var Erik Rasmussen f. 1852, og deretter Simon L. Rasmussen, på Kaien, der det også var dampskipsekspedisjon, og nå kafé.

Gnr. 121 Førde.

Så var det Steffen Bårdsen, og seinare Tobias Tobiassen, nokre sjøhus lengre borte. Tobias Tobiassen f. 1855 i Kinsarvik, kom i teneste på krambua til Bårdsen straks han var konfirmert. I 1882 skipa han sin eigen handel, som han dreiv til 1905. Han var også bakar. I 1895 kjøpte han ein teig, bnr. 13 Høgestøl, hjå min oldefar. Det er på denne eigedomen Førde nye skule ligg. Han hadde ni born. Somme av etterkomarane hans har teke namnet Høgestøl som slektsnamn.

Anfinn Hansson Bjørge f. 1846, kom til Førde frå Valestrand i 1893. Han kjøpte eit heller stort utmarksstykke, bnr. 8, hjå min oldefar Hans H. Robbestad, som kom frå Bømlo til Førde i 1886, og kjøpte bnr. 5, der Gjenbruksløa står i dag. Då gjekk denne eigedomen, som låg aust for vegen ned til Kaien, heilt ned til stranda nedanfor gravplassen. I dag er dette arealet på det næraste nedbygd.

Bnr. 4, på den andre sida av vegen, gjekk også heilt ned til sjøen. Denne eigedomen er i dag så å seia heilt utbygd med bustader. Lengst nede på denne eigedomen, heilt nede ved stranda, budde det ein mann som heitte Bård Bårdsen. Han var delvis ufør, men han bygde nytt hus for eggproduksjon, og veksthus for produksjon av tomater.

Anfinn Bjørge dyrka opp utmarksstykket. Han skilde ut nokre bustadtomter og selde grunn til gravplass. Han tok til med handel i Førde, som han dreiv i 12 år. Han bygde krambu like ved Tinghuset. Han hadde eige farty, som han tok handelsvarer med heim på, og som han førde bondevarer med den andre vegen. Han bygde også eit sjøhus like ved Kaien. Dette er borte i dag. Han hadde notbruk.

Gnr. 120 Myklavoll.

Ei dotter Lisabet f. 1899, var betjent ved Sveio lensmannskontor i 45 år. I 1919 selde han verksemda til Tolleiv Johan Haugland f. 1881, som også kom frå Valestrand. Han var bror til Helga Bjørge, f. Haugland, som var gift med Anfinn Bjørge. Tolleiv gjekk bort i 1954, og overlet då verksemda til sonen Bernt Johan Haugland, som på 1970-talet bygde ny butikk ved sida av det nye bankbygget. Den gamle krambua er nå ombygd til ein fin fritidsbustad. Dei som har Førde som slektsnamn, kjem frå bnr. 1 og bnr. 4.

Landskapet i Førde er dominert av terrassar, som vart forma då isen etter siste istid smelta. Smeltevatnet førde lause massar med seg. Slike terrassar har lettbrukt og fruktbar jord. Dei er og sjølvdrenerande, men gjødselkrevjande. I dag er jordsmonnet sandblanda moldjord, som eignar seg godt til åkerbruk. På det arealet nedanfor E 39, som i dag er parkeringsplass, vart det under krigen dyrka kveite. Nærast brekanten inneheld lausmassane stein som er rundslipt av isen. Det meir finkorna materialet vart avsett som leirjord lengre nede. Terrassane syner også kor høgt havet stod under siste istid, den marine grense. Når isen forsvann, heva landet seg. Den marine grensa i Førde ligg omlag der Gjenbruksløa står nå. Ein stor del av arealet i Førde er såleis marbakke, på same måte som dei bratte frukthagane i Sørfjorden i Hardanger. Der ligg den marine grensa mykje høgare, fordi isen var tjukkare der og difor tyngre.

Brevatnet grov seg også ned i lausmassane. På grensa mellom Førde og Myklevoll er det, som nemnt, ein djup elvedal. Denne vart kalla Dalen. Den går frå Myklevollsvegen ved Førde bedehus, heilt ned til barnehagen. I den øvre delen er det teke ut grus. I dalsidene lengre nede veks det varmekjære treslag, som eik, ask og hassel. På Myklevollsida er det ei lita tunge inn i dalen. Der stod det tidlegare eit stort fint ungdomshus; Myklatun. Det vart rive då E 39 vart bygd. Seinare vart det bygt eit nytt samfunnshus på Solheim.

I dalen like nedanfor, er det eit lite platå, som vart kalla Alteret. Der vart det m.a. feira St. Hans før i tida. På kanten av Dalen, like nedanfor fotgjengarundergangen ved E 39, er det funne spor av eit stolpehus, som var vanleg då folk levde av fangst og fiske. Fagfolk meiner at dei som budde der, kan henda flytta over til Ålfjordsida om vinteren, der det er lunare. Det burde vera mogleg å opna Dalen att for fri ferdsel til fots. Kvifor ikkje få i stand eit arboret med varmekjære treslag, og kan henda rekonstruera stolpehuset?

D/S Rosendal (bygd 1909) legg til kaien i Førde. Huset til venstre var bakeri. FOTO: Kannelønning/Sveio gards- og ættesoge

Bygda er omkransa av åsar og fjelltoppar, der Lierfjellet er den høgaste. Alle gardsnummer har furuskog av høg kvalitet, med planta granskog innimellom. På øyane, som alle høyrer til gnr. 121, er det også furuskog, men her er jordlaget skrinnare.

Ved sida av Gjenbruksløa står det att murar av ei eldre smie «Rubbestadsmio», som har ei interessant historie. Frå denne staden er det flott utsikt til Førdespollen og fjelltoppen Siggjo i bakgrunnen.

Den tidlegare læraren i Førde, Kristoffer Sydnes, skriv i sin Førdesong «Har du sett bygdi frå gamlasmidjo i avdagsglansen ein sumarkveld, når soli gøymer seg mildt bak Siggjo og Pollen lyser i purpureld». Kristoffer Sydnes var lærar i Førde i 30 år. Han hadde også eit gardsbruk. Han var ein foregangsmann. Han var sterkt interessert i landbruk og sogearbeid. Han var ei tid formann i Hordaland landbruksselskap. På bruket sitt, br. 2, planta han mange frukttre. Dette bruket er framleis i slekta si eige. Han var med og skapte Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Han var riddar av St. Olav.

Den vestre delen av gnr. 121, vert kalla Vestbygda. Dei seinare åra har busetnaden flytta seg lengre vestover, forbi Hanaleitet industriområde, og nedover mot grensa til garden Drange. Dette er også den tidlegare grensa mellom herada Vikebygd og Sveio. I dette området ligg også Geitalemen.

I Vestbygda ligg også eigedomen Slettemyren (Slåttemyra), br. nr. 3. Der budde i si tid ein tidlegare kaptein Georg Barstad. Han var postopnar. Postopneriet låg litt ovanfor Kaien. Svigerfaren hans Severin Jacobsen, bygde eit stort naust; Severinsnaustet, i Vågen vest for Kaien. I dette området er det også fleire mindre naust. På denne eigedomen er det i dag utleigehytter. Også på dette gardsbruket var det i si tid fleire paktarar.

«Vestbygdo» i Førde i 1924. FOTO: Kannelønning

Frå Kaien er det veg gjennom Vestbygda heilt opp til E 39. På bnr. 20 Solbakken, hadde Kjell Kjærandsen verkstad for tilverking av dører og vindaugo.

I 1922 vart det skilt ut ein eigedom frå bnr. 3, som vart kalla Bakken. Kjøparen var Karl Ottesen, f. 1892 i Lærdal i Sogn. Han bygde eit stort bustadhus med bakeri og butikk i underetasjen. Bakaromnen vart fyrt med bjørkeved. Det gjekk med store mengder, og me ungar var med og bar inn veden, og fekk nokre kroner for det. Det finst ei historie, som kan vera oppdikta, om ein mann som budde i Ålfjordtraktene, og som kom til bakarbutikken ein laurdag like før stengetid. Ottesen gjorde han merksam på dette, og då svara han at hadde han ikkje budd så langt sør, kunne han ha kome før. Men nå, repliserte Ottesen, når du er så langt nord, kan du vel betala dei brøda du fekk i fjor.

Etter kvart overtok Brødrene Ravn Ottesen verksemda. Dei køyrde også brødbil, både i denne kommunen og i nabokommunar. Det er også ein god del nybygging i dei mest sentrale delane av Førde. Under gnr. 121 er det i dag meir enn 200 brnr. Under alle dei tre gardsnummera var det i si tid husmannsplassar.

På gnr. 119, Solheim, var det tidlegare få fastbuande, utanom Prestegarden. For ei tid sidan etablerte kommunen to nye bustadområde; Solheimslio og Lauvneset. Lauvneset grensar til Førdespollen. I ein sør-vestvendt skråning i dette området har Olaf Furre, som ættar frå Førde, opparbeidd ein Rhododendronpark; «Rex Garden», med små grusvegar innimellom. Her er også skulpturar av tre. Han har også laga eit anlegg på Vestre Kadløy ved Førdespollen, Rex Island. Der er det også laga gangvegar og planta ut fleire treslag og andre plantar.

På stranda til Prestegarden har Førde bygdelag fått opparbeidd ein ny badeplass og eit stort område for rekreasjon; Strando. Her er det plass til mange aktivitetar, t.d. St. Hans-feiring. Fleire turstiar fører ned til Stranda, t.d. Kyrkjestien, som går frå Førde kyrkje, gjennom Prestegardshagen, langs ei elv ned til sjøen. Også mellom Solheim og Myklevoll er det ein elvedal. Der var det i si tid eit lite kraftverk. Det er også mange andre turområde i Førde. Her skal nemnast turvegen til fjelltoppen Dreng og skogsvegen opp til Lierfjellet, Sjedlervegen. I bygda er det også eit stort vegnett for bruk av sykkel. Kan det vera aktuelt med sykkelutleige?

På gnr. 120 Myklevoll står både kyrkja og bedehuset. Kyrkja vart bygd i 1937. Bedehuset vart bygt i 1908. Tidlegare femnde Sveio prestegjeld om kommunane Valestrand, Vikebygd og Sveio. Ålfjorden delte Vikebygd i to delar; Austre og Vestre. Kyrkja vart difor heitande Vestre Vikebygd kyrkje. Først i seinare tid er namnet endra til Førde kyrkje. I 1964 vart Valestrand, Vestre Vikebygd og Sveio slegne saman til nye Sveio kommune. Austre Vikebygd gjekk til Ølen.

Ungdomshuset Myklatun låg også på Myklevoll. På den tida då Kristoffer Sydnes var lærar i Førde, var det berre eit eldre lite skulehus i bygda. Det låg på andre sida av den gamle riksvegen i høve til kyrkja. Det var berre eit lite klasserom med ein stor vedomn, og eit lite lærarrom. Skulen var tredelt, og me gjekk på skulen berre annankvar dag. Dei to første årskulla, småskulen, heldt til på ungdomshuset.

Etter konfirmasjonen kunne dei som ville, gå vidare på framhaldskulen, som også heldt til på ungdomshuset. I mi tid på småskulen fekk me det andre året ein nyutdanna lærar frå Stord, Elisabeth Nilsen. Ho vart gift med lensmann Ragnvald Bjørke. Ho var lærar i Førde i mange år.

I 1955 vart det bygt ny barneskule i Førde. Denne vert nå kalla «Førde gamle skule». På den tida var vossingen Brynjulv Kvamme lærar i Førde. Han tok over etter Kristoffer Sydnes i 1946. Seinare er det bygt endå ein ny skule i bygda.

Ungdomshuset vart bygt nokre år før krigen. På den tida var det eit rikt kulturliv i bygda, med ungdomslag, songlag og fråhaldslag. Ungdomshuset hadde ein heller stor scene, der det vart synt fram spelstykke. Det var leikarring som vart leia av Johannes Tobiassen, i tillegg til ulike festar og andre tilstellingar. Om kvelden 17. mai var det alltid stor fest på Ungdomshuset, med tale for dagen og song av Førde songlag, under leiing av Arnt Røykenes. Ungdomslaget hadde alltid juletrefest 3. juledag, Songlaget 1. nyttårsdag. Også på bedehuset var det juletrefest. Der hadde også Berta Tobiassen, f. 1889, søndagsskule. Ho var dotter til Tobias Tobiassen.

Om eg ikkje hugsar feil, vart det for nokre år sidan lansert ein ide om Fjordbyen Førde. Den ideen bør dyrkast vidare. Førde bygdelag bør prøva å få til eit samarbeid mellom Gjenbruksløa, Olaf Furre, Kaien og Kystlaget, om å få til eit tilbod med båttur mellom øyane med ilandstignng på Rex Island, vandring i Rex Garden og på Strando, besøk i Gjenbruksløa og servering på Kaien.

Svein Robbestad
Kjelde: Gards og ættesoge for Sveio, band III
Folgefonna og fjordbygdene