Knut Olav Røssland Nestås, tegionleiar Trygg Trafikk Vestland.
Knut Olav Røssland Nestås, tegionleiar Trygg Trafikk Vestland. FOTO: Trygg Trafikk

Rekordlåge tal omkomne i trafikken i Vestland og Noreg

I 2020 mista 95 personar livet i Noreg og 7 i Vestland. Nasjonalt er det ein nedgang på 13 menneske og 4 færre i Vestland. – Det er vanskeleg å snakka om positiv utvikling, når så mange framleis blir ramma, kommenterer regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav Røssland Nestås. 

For første gong sidan 1947 har færre enn 100 menneske mista livet i trafikken i Noreg. Talet omkomne har lege relativt stabilt rett over 100 dei siste åra. I Vestland er òg utviklinga markant historisk sett, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Positiv utvikling

– Me sit på tal frå Sogn og Fjordane og Hordaland i alle fall tilbake til 1960 som viser at det ikkje har vore færre enn 10 omkomne i denne perioden, men i 2020 var me nede i 7 drepne. Det viser ei markant positiv utvikling over tid.

Likevel minner Nestås òg om kva som ligg bak desse tala: Tapte menneskeliv. Ei kvar ulykke er ei ulykke for mykje.

Nullvisjonen

Regionleiaren for Trygg Trafikk i Vestland meiner det framleis er viktig å hugsa på kva nullvisjonen for vegtrafikken dreier seg om: Ingen drepne og hardt skadde.

– Talet hardt skadde i trafikken i Vestland for fjoråret kjenner me ikkje enno, men ut frå erfaringstal ligg talet truleg ein stad mellom 60 og 90. Det viser at me enno har ein jobb å gjera. Svaret ligg i å tenkja breitt: Me treng meir trafikksikre vegar, ein gradvis fornya køyretøypark og at trafikantane gjer det dei skal. Det inneber å halda fartsgrenser, vera merksam, unngå ruspåverka køyring og å bruka sikringsutstyr som belte, refleks, og lys og hjelm når ein syklar.

Nestås peikar på auka satsing på trafikkopplæring og auka tal politikontrollar, og særleg Utrykkingspolitiet sin innsats, som viktig i arbeidet med å halda fram reduksjonen.