På veg ned frå Emberlandsnipen ein sommarkveld.
På veg ned frå Emberlandsnipen ein sommarkveld. FOTO: Irene Flatnes Haldin

7 av 10 vil vera meir aktive i 2021

Mange har ambisjonar om å bli meir fysisk aktive i det nye året. Turar i skog og mark er det flest drøymer om å gjera meir av.

71 prosent av nordmenn ønskjer å bli meir fysisk aktive i 2021. Det viser ei undersøking gjennomført av Ipsos, på vegner av fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv.

Turar til fots eller på ski er den aktiviteten flest ønske å gjera meir av. Heile 61 prosent svarer at dei har ambisjonar om å gjera dette oftare.

– Det er ikkje rart at turgåing er den føretrekte forma til nordmenn for fysisk aktivitet. Ein tur ut er både gratis, det kan gjerast akkurat når du vil, og ikkje minst gir naturen oss ein heilt anna velvære, enn det å sjå på veggene i eit treningssenter, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

I undersøkinga gir opp 41 prosent at dei ønsker å trena meir på treningssenter, medan 13 prosent ønsker å trena meir på idrettsbane. Det er altså langt fleire som vil ut på tur enn på treningssenter.