Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Slik blir dei to neste vekene i Sveio

Det er per i dag ikkje registrert smitte blant innbyggjarane i Sveio, men det finst fleire nærkontaktar til smitta personar i nabokommunane våre. – Ha låg terskel for å testa deg ved symptom, er oppmodinga frå kommunen.

For Sveio sin del skal ein førebels skal ein halda seg til dei nasjonale smitteverntiltaka, i hovudsak. Her er Sveio kommune si liste over lokale smitteverntiltak:

Nye tilrådingar og reglar frå måndag 4. januar

  • Ungdomstrinnet på Sveio skule og vaksenopplæringa i Førde delvis skal mellom anna ha delvis heimeskule frå måndag 4. januar fram til måndag 18. januar.
  • Dei neste 14 dagane vil det vera stengt for fellesaktviteter i kulturskulen. Elevar som får individuell opplæring vil få nærmare informasjon om korleis dette vil bli gjennomført.
  • Biblioteket held ope som normalt.
  • Vigdartun er ope, men eventuelle treningsaktivtetar må gjennomførast i tråd med reglar og retningslinjer.
  • Besøk på omsorgssenteret vil halda fram i tråd med etablerte rutinar, men det blir bede om at besøkande vurderer om det er nødvendig med besøk fram til 18. januar.
  • Kommunehuset er ope for besøk inntil vidare, men det vil bli vurdert å redusera opningstidene. Det blir oppfordra til å ta kontakt via telefon eller e-post, og berre møta fysisk dersom det er nødvendig.
  • Sveio kommune minner om at covid-19 kan gi svært lette symptom for enkelte. Ha derfor låg terskel for å testa deg ved symptom, hald deg heime til prøvesvaret er klart.
Kommunen oppmodar alle til å hugsa på smitteverntiltaka: Hald avstand, vask hendene og hald deg heime med minste teikn på luftvegssymptom.