korona
vaksine
massevaksinasjon
Denne veka blir dei første vaksinedosane gitt. Her frå massevaksineringa mot influensa i oktober 2020. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Vaksineringa startar som planlagt

40 dosar med vaksine mot covid-19 er venta.

Sveio kommune kom måndag med informasjon om vaksinering mot covid-19. Den vil gå som planlagt, torsdag vil dei første 15 dosane bli gitt til bebuarar på Sveio omsorgssenter.

Når det kjem fleire dosar i veke 2, vil resterande bebuarar på omsorgssenteret som ønskjer vaksine få det, og ein vil starta med vaksinering etter FHI si prioritering.

Dei som skal få tilbod om vaksinen vil bli kontakta på telefon dei første vekene. Det er derfor ikkje nødvendig å bestilla tid til vaksinering, opplyser kommunen på sin nettstad.