skøyter skeiser
Skal ein ferdast på is, er stålis, som på bildet eit godt utgangspunkt. Isen bør vera minst 10 centimeter tjukk, for å ha litt å gå på. Bildet er frå 2016. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Viktig å hugsa på om du har tenkt deg ut på isen

Me er inne i ein kuldeperiode, og mange vatn er islagde. Har du tenkt deg utpå, er det viktig å hugsa at stålisen bør vera minst 10 centimeter tjukk, ver fleire saman, og ta med sikkerheitsutstyr.

– Tommelfingerregelen er at isen skal vera 10 centimeter tjukk, då har ein litt å gå på for å fanga opp forskjellar. Stålis (blank og gjennomsiktig) er det me kallar god kvalitet, seier Ånund Sigurd Kvambekk, isvarslar i NVE.

Det er viktig å sjekka kor tjukk isen er fleire stader. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Ein vaksen kan klara seg på 5 centimeter på ein god is, men om isen skulle bli tynnare ein annan stad på vatnet, har ein lite å gå på. Derfor er det anbefalt med 10 centimeter.

Ver fleire saman

– Så er det slik at om ein er store grupper og mange på ein stad, bør ein kanskje ha enda meir, men som regel spreier folk seg tilstrekkeleg, seier Kvambekk. Han kan absolutt anbefala at folk skaffar seg ispiggar til å ha rundt halsen om ein skulle gå gjennom.

– Det er også veldig fint å ha 10-15 meter tau eller kasteline i nærleiken. Det er fortvilande om ein går gjennom, og ingen har noko å hjelpa med. Til større vatn, til meir forsiktig må ein vera, seier han.

Anna ein må passa på

Vidare er det viktig å vera merksam på skilnadar i ein ellers jamn is, likeeins innløp og utløp, der isen kan smelta nedanfrå, grunna gjennomstrøyming av vatn.

– Ellers er det fantastisk å komma seg ut på isen, så lenge ein er fornuftig og har hjelpemidlar med, seier isvarslaren.

iskart.no er det mogleg å leggja inn informasjon om målingar av islagde vatn, og på varsom.no kan du lesa meir om isvarsling.

Ver ekstra merksam dersom isen har ulik høgd, eller tydeleg skille frå det som kan vera fersk is. FOTO: Irene Flatnes Haldin