nyhende
Anbefalar alle til å ta imot tilbod om vaksinasjon
– Sjølv om vaksineringa er i gong, er dette langt frå over. For at vaksinen skal hjelpa, må veldig mange vera vaksinerte, seier lege Jan Roger Olsen.
I dag blei dei første dosane med vaksine mot covid-19 sett på Sveio omsorgssenter. Fastlege og tilsynslege på Sveio omsorgssenter, Jan Roger Olsen synest det er bra at vaksineringa no er i gong. Mange har spurt han om kva tid vaksina kjem, mange har også lurt på om den er trygg.
– Vaksinen er godt utprøvd, og ville ikkje vore godkjent om den ikkje var trygg. Eg vil anbefala alle til å ta i mot vaksinasjon når tilbodet kjem, seier Olsen, som sjølv er sikker på at han vil ta.
Tenker på bivirkningar
Dei som er spørjande, er redde for bivirkningar.
– Det er ikkje grunn for å tru at den vil gi særleg med bivirkningar. I alle tilfelle vil det vera verre å få korona, seier Olsen, og legg til at denne er betre utprøvd enn til dømes svineinfluensavaksinen.
Vaksina mot covid-19 skal setjast i to omgangar, den siste tre veker etter den første.
– Ein er 95 prosent beskytta mot korona etter den andre dosen, altså fire veker etter den første, forklarar Olsen. Med vaksina har ein mindre moglegheit for å få sjukdom om ein skulle få covid-19.
Nødvendige besøk
Per dags dato er det ikkje stengt for besøkande på Sveio omsorgssenter, men sidan det i går og i dag er fire nye smittetilfelle i kommunen, blir det oppmoda om at kvar pasient har maksimalt 1-2 pårørande som kjem på besøk – om det er nødvendig.
– Vil de opna opp for meir besøk no når folk blir vaksinerte?
– Sjølv om mange av bebuarane på sjukeheimane er beskytta om ein månads tid, er det framleis nokon som av ulike grunnar ikkje har tatt vaksinen. Personale og besøkande er heller ikkje vaksinerte. Me må forholda oss til anbefalingane som gjeld for resten av samfunnet.
Mange må vera vaksinerte
Det har vore mykje snakk om R-talet, altså kor mange personar som i snitt blir smitta av ein person som er smitta med korona, og for at vaksinen skal hjelpa, må veldig mange vera vaksinerte, seier legen.
– I ein normal situasjon utan nokre tiltak, og om me levde slik me gjorde før korona, var R-talet for koronaviruset på rundt 3. No, med ein god del tiltak som avgrensar kontakt mellom menneske er det for tida på 1,4. For at ikkje talet på smitta skal auka må kvar koronasmitta person i snitt ikkje smitta meir enn éin ny person, altså R-tal under 1.
Reknar med at ein ikkje smittar vidare
Viss R-talet er 3 (det vil seia at ein person smittar 3 nye), treng ein at 2/3 av befolkninga er vaksinerte for at ikkje talet på smitta aukar. Då vil kvar smitta i snitt vidareføra sjukdomen til 2 vaksinerte og ein uvaksinert, og talet på smitta vil halda seg stabilt.
– Me reknar då med at dei vaksinerte ikkje blir (særleg) sjuke og ikkje smittar vidare. Er berre 1/3 av befolkninga vaksinert, vil kvar koronasmitta i eit slikt tilfelle smitta 2 uvaksinerte og 1 vaksinert, slik at R-talet i praksis blir 2, og at epidemien doblar seg kvar femte dag. Dette viser at me treng tiltak i samfunnet ei god stund til, elles vil talet på smitta raskt bli veldig høgt, forklarar Olsen.