Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Tre nye smittetilfelle

I går blei det kjent at ein innbyggjar i kommunen var smitta av covid-19. Vedkommande var nærkontakt med ein elev på Førde skule, som blei stengt ut dagen i går, og i dag.

Som følgje av smittesporinga, er det til no bekrefta tre nye tilfelle med koronaviruset i Sveio. Smittesporingsarbeidet held fram, og Sveio kommune vil komma med meir informasjon når det føreligg.

Når det gjeld drift av Førde skule framover, vil det komma meir informasjon i løpet av dagen. Meldinga frå kommunen torsdag føremiddag seier ikkje noko om dei nye smittetilfella kan relaterast til skulen.