På tjødna bak Auklandshamn skule har det vore stor aktivitet dei siste dagane. Midt i biletet ei fersk skøyteprinsesse, seks år gamle Leah Bårdsen.
På tjødna bak Auklandshamn skule har det vore stor aktivitet dei siste dagane. Midt i biletet ei fersk skøyteprinsesse, seks år gamle Leah Bårdsen. FOTO: Elisabeth Hauge BakkeBilde 1 av 3
Skøyting og bålkos i Auklandshamn. Ved bålpanna Kurt Bårdsen.
Skøyting og bålkos i Auklandshamn. Ved bålpanna Kurt Bårdsen. FOTO: Elisabeth Hauge BakkeBilde 2 av 3
Linnea (fremst) sende melding til mormor (Elisabeth Hauge Bakke) med ønske om å «skeisa på tjødno bak skulen». Og slik blei det.
Linnea (fremst) sende melding til mormor (Elisabeth Hauge Bakke) med ønske om å «skeisa på tjødno bak skulen». Og slik blei det. FOTO: Elisabeth Hauge BakkeBilde 3 av 3

Gøy på isen – men pass på!

Tjødno i Auklandshamn er «bånnfrosen», så der er det ingen fare. Men brann- og redningsetaten ber folk om å tenkja seg godt om før dei bevegar seg på usikker is.

– Hugs på at om ein ser at nokon går på eit islagt vatn, tjørn eller sjøis, så betyr ikke det at det dermed er trygt, seier Sigbjørn Toskedal, førebyggjande ingeniør, Haugaland brann og redning iks. FOTO: Haugaland brann og redning iks

– Det er vanskeleg å sei at is på vatn og sjø er trygt og forsvarleg. Det er mange moment og ulike naturfenomen som spelar inn. Her må ein få kunnskap frå fagfolk, opplyser Sigbjørn Toskedal, førebyggjande branningeniør i Haugaland brann og redning iks.

Lytt til fagfolk

Også frå fagfolk er det ulike uttalar når det gjeld kor tjukk isen bør vera før ein kan ferdast trygt.

Ifølgje Toskedal har ikkje brannvesenet konkrete råd når det gjeld dette, men henviser til Haugaland brann og redning iks som har informasjon om ferdsel på is frå fagfolk på si heimeside www.hbre.no