For ei knapp veke sidan kom denne herlegheita heim til «Bobletoppen» i Grinde. Den har vore i distriktet heile tida, og Magne Jørgensen i Tysævar er eigar nummer 5. – Bilden er registrert som bevarelsesverdig, me skal ta vare på den vidare, slik at den ikkje forfaller, seier Ann Kristin Rørtveit.
For ei knapp veke sidan kom denne herlegheita heim til «Bobletoppen» i Grinde. Den har vore i distriktet heile tida, og Magne Jørgensen i Tysævar er eigar nummer 5. – Bilden er registrert som bevarelsesverdig, me skal ta vare på den vidare, slik at den ikkje forfaller, seier Ann Kristin Rørtveit. FOTO: Privat

Etterlyser informasjon om eldre brannbil

Sette ein blålys på taket på denne «puddingen», gjekk den om mogleg enda treigare, blir det sagt om gode, gamle R 70530. Dei nye eigarane i Tysvær er interesserte i bilder og historia til Transporteren, som var i kommunen sitt eige fram til 1995.

I Grinde bur ein familie som er over snittet interessert i gamle Volkswagen-bilar. Det er eigentleg gamle «bobler» som står høgast i kurs, men då denne gamle Transporteren dukka opp, kunne dei ikkje la den gå.

Ann Kristin Rørtveit og Magne Jørgensen og sønene Andreas (15) og Markus (13) bruker mykje av fritida si på å dulla med gamle bilar. No håpar dei at folk i Sveio kan hjelpa dei med historia til den nyinnkjøpte veteranen. FOTO: Privat

– Det er mannen min og dei to gutane våre som er mest opptatt av dette, me har hatt ei eldre boble i mange år, seier Ann Kristin Rørtveit til Vestavind. Eigentleg lurte ho på om lokalavisa har bilder av den «nye» 53 år gamle doningen. Det kan vera, men då må me leita godt – derfor vil me heller høyra med lesarane våre.

Kjøpt ny i 1968

Rørtveit, som støttar opp om hobbyen til resten av familien, fortel at dei ønskjer å kartlegga historia til bilen, som har registreringsnummer R 70530. Frå før av visste dei at den har fungert som brannbil i Sveio.

– Me har funne ut at bilen blei kjøpt inn av Sveio kommune i 1968, og var i kommunen si eige heilt fram til 1995. Etter at me la ut eit innlegg på Facebook, som har blitt delt 50-60 gonger, har me har fått vita at den har fungert som brannbil ved Førde brannstasjon. Me har også fått litt artig informasjon, som at den gjekk treigt, som ein gammal gråtass, og at husa som regel var nedbrent før den var kome fram, fortel Rørtveit.

Veit du noko?

På utstillingar er det ekstra stas å kunne presentera historikken til bilane, og fortelja kva den har blitt brukt til, derfor håpar ho at nokon kan spe på med meir informasjon.

Ta gjerne kontakt med familien direkte, eller Vestavind om du har bilder eller informasjon.