Adm. dir i Helse Fonna, Olav Klausen.
Adm. dir i Helse Fonna, Olav Klausen. FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Sjukehustilsette får tilbod om vaksinasjon neste veke

Helse Fonna startar vaksinering av tilsette i neste veke. Det vil redusera risikoen for at helsetenestene sviktar.

Helse Fonna får nok dosar til å starta vaksineringa av 564 medarbeidarar, og startar med arbeidet i midten av neste veke.

Trass i at dei 564 vaksinedosane som kjem langt frå rekk til alle Helse Fonna sine 4 000 tilsette, er administrerande direktør Olav Klausen glad for at vaksineringa endeleg er i gang. Sjølv om vaksinen er frivillig håpar han at flest mogleg tar i mot tilbodet om vaksinering. Dette skriv Helse Fonna på nettstaden sin.

Sikra kritiske funksjonar

Til grunn for prioritering av kven som får vaksine ligg behovet for å oppretthalda nødvendig helsetilbod til innbyggjarane.

– Oppdraget vårt er å sikra kritiske funksjonar slik at me både kan handtera nye smittetoppar i pandemien og gi det nødvendige helsetilbodet til befolkninga ellers. Dette ligg til grunn for føringane me har fått om korleis me skal prioritera vaksine til helsepersonell, seier Klausen.

Prioriterer

Førsteprioritet er funksjonar som må ha høgare kapasitet for å handsame auke av covid-19 pasientar, til dømes intensivmedisin og testkapasitet.

Andreprioritet er funksjonar som i så stor grad som mogleg skal oppretthalde normal kapasitet, men der det ikkje er trong for auke.

Prioriteringa er ikkje uttrykk for ei rangering eller verdsetting av ulike medarbeidarar eller yrkesgrupper. Medarbeidarar som er i risikogrupper og derfor skal prioriterast etter dette, må ta kontakt med sin fastlege og vil bli vurdert for vaksinasjon i sin kommune.

Framleis fokus på smittevern

– Det blir framleis like viktig å ha godt smittevern gjennom å halde seg heime ved sjukdom, halde avstand til andre, ha god handhygiene og følgje dei smittevernreglane som gjeld i dei ulike situasjonane, seier Klausen.