vasslekkasje vatn
FOTO: Irene Flatnes Haldin

Lekkasjen er stoppa, men framleis er forbruket høgt:

Ber folk sjekka at vatn ikkje lek

I helga skapte ein uidentifisert lekkasje på det kommunale vassleidningsnettet problem. Det blei jobba med å finna lekkasjen, og måndag morgon kom meldinga om at lekkasjen nord i kommunen er stoppa.

Lekkasje ikkje funne – ber óg om at folk sparar litt på vatnet

– Det er framleis svært høgt vassforbruk på nettet i heile Sveio kommune. Det er mykje som tyder på at det er fleire utekranar eller andre installasjonar som er frosne og no står og lek. Me oppfordrar alle til å sjå gjennom sitt private anlegg i hus og hytter, skriv Sveio kommune på nettstaden måndag.

Har du informasjon eller lurer på noko, kan du ringa VA-vakttelefon: 915 38 730.