17 sprøyter med vaksine mot covid-19 er klare.
Slik ser sprøytene ut, ferdig doserte. FOTO: Irene Flatnes Haldin/arkiv

Startar vaksinering for dei over 85 år denne veka

Den første veka i 2021 tok vaksineringa mot covid-19 til i Sveio, 17 dosar blei sette på 17 bebuarar på Sveio omsorgssenter.
Framover vil ein få nye vaksinedosar kvar veke, og det er venta at vaksinasjonen vil ta tid, men alt denne veka vil ein starta med å vaksinera bebuarar over 85 år i kommunen.

Det vil skje på dagsenteret på omsorgssenteret, og ein vil bli kontakta på telefon. Det er ikkje nødvendig å ta kontakt sjølv.

– Om nokon ikkje tar telefonen, eller ikkje møter til avtalt vaksinasjon, har me gode rutinar for å sørgja for å komma i kontakt igjen. Er du pårørande til personar over 85 år, er det fint om du kan hjelpa til med å følgja med på om nokon frå kommunen har tatt kontakt, formidlar Sveio kommune.