Arbeidstilsynet  har gjennomført meir enn 500 tilsyn med ivaretaking av smittevern ved norske arbeidsplassar sidan midten av november. Tilsyna vil bli intensivert framover.
Arbeidstilsynet har gjennomført meir enn 500 tilsyn med ivaretaking av smittevern ved norske arbeidsplassar sidan midten av november. Tilsyna vil bli intensivert framover. FOTO: Arbeidstilsynet

Brot på ivaretaking av smittevern i eitt av tre tilsyn

Arbeidstilsynet har dei siste to månadane avdekt brot på ivaretakinga av smittevern i kvart tredje tilsyn. Dei fleste brota dreier seg om manglande kartlegging og risikovurdering av smittefare.

– Me opplever at mange arbeidsgjevarar er oppteken av smittevern og at fleire brot skuldast manglande forståing av, eller kjennskap til regelverket. Difor håpar me tilsyna våre, der me både kontrollerer og rettleier, kan vera eit nyttig bidrag for å få ned smittetrykket, seier direktør Trude Vollheim i Arbeidstilsynet.

Størst andel brot i overnatting og servering

Arbeidstilsynet har funne høvesvis flest brot på ivaretakinga av smittevern i næringa overnatting og servering, etterfølgd av varehandel.

Tilsyn med minst eitt brot på ivaretaking av smittevern:

  • Overnattings- og serveringsverksemder: 54 prosent
  • Varehandel: 45 prosent
  • Byggje- og anleggsverksemder: 27 prosent
  • Industri: 25 prosent

Manglar kartlegging og risikovurdering

I 31 prosent av tilsyna hadde ikkje verksemda kartlagt og risikovurdert faren for spreiing av koronaviruset. I 24 prosent hadde ikkje verksemda utarbeida tilstrekkelege planar for, eller iverksett tiltak for å fjerna eller redusera risiko for smittespreiing.

– Sjølv om verksemda har gjort nokre tiltak for å unngå smitte, er ikkje dette nødvendigvis tilstrekkeleg dersom dei ikkje har kartlagt og risikovurdert smittefaren. Me ser til dømes at mange verksemder er flinke til å ivareta smittevernkrav retta mot kundar, men gløymer å kartlegga områder der eigne arbeidstakarar kan risikera å smitta kvarandre, seier Trude Vollheim.

Ulike reaksjonar

Arbeidstilsynet har gitt fleire reaksjonar i form av pålegg. I fire tilsyn er det vedteke tvangsmulkt som pressmiddel, og i tre tilsyn er det vedteke stans på grunn av overhengande fare for liv og helse.