solfrid myhre
matematikk
lekser
vikse skule
klasserom
undervisning
matte
elevar
Illustrasjonsfoto frå Vikse skule. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Skulepolitikk for heile Sveio

Eit godt oppvekstmiljø krev skular. Å gje barn og unge gode arenaer for å utvikla seg, meistra og læra er skulen si viktigaste oppgåve. Dei treng lærarar med tid til å sjå dei og undervisa med tilpassa opplæring. Lærarane treng skular og skuleleiing som sikrar dette. Altfor ofte blir dette eit spørsmål om økonomien strekk til.

Nærleik og små forhold er eit gode. Nærleik er ein verdi som er viktig for elevane og lokalsamfunna. Gode miljø på skulen og for læring blir svekka med større avstand og større skular. Forskning viser at elevar på små skular gjer det godt i utdanningssamfunnet, dei trivst og har mange vener (Yngve Norkvelle, professor i pedagogikk, Høgskolen i Innlandet). Skulesosiolog Tore Lindbekk argumenterer for at elevar frå små skular gjer det gjennomgåande litt betre enn andre. Sogn og Fjordane gjer det godt på nasjonale testar og har flest små skular. Haldninga i kommunen er avgjerande om dei mindre skulane i kommunen er attraktive for dyktige, ambisiøse lærarar.

Nærskular gjer at folk blir buande. Folk skal kunne bu der dei vil. Sentralisering er inga naturlov, og ein må satsa politisk på tenester nær folk for at folk skal kunne bli buande. Skulenedlegging får konsekvensar for elevane sin skulekvardag og skulemiljø. Det påverkar også livet i lokalsamfunnet etter skuletid. Ein må medrekna dei samfunnsmessige kostnadane ved skulenedlegging. Sanninga er at lokalsamfunnet misser sin attraktivitet. Det blir tappa for sosial kapital slik at folk ikkje ynskjer å flytte dit, alderssamansetjing går feil veg, og nettverk som lag og klubbar går i oppløysing. Mindre fellesskap gjer eit fattigare lokalsamfunn.

Erfaring frå andre stader viser at fleire ynskjer å flytte frå bygder når skulen forsvinn. Verdien av eigedomar blir redusert. Det viser ikkje igjen i kommunerekneskapen, men kostnadene vil kunne vise seg hos NAV og helse- og sosialinstitusjonar på sikt.

Sveio Senterparti ynskjer utvikling av tenester nær folk og satsing framfor avvikling og nedlegging.

Sveio, 11. januar 2021.

Monica V. Valen, Dagfinn F. Bjørge, Ole Velde, Arne Valen, Andreas Sirevåg
Kommunestyrerepresentantar Sp