Frå 1. juli vart det billigare å ta buss mellom Sveio og Haugesund.
ILLUSTRASJONSFOTO:  IRENE FLATNES HALDIN
Frå 1. juli vart det billigare å ta buss mellom Sveio og Haugesund. ILLUSTRASJONSFOTO: IRENE FLATNES HALDIN

Nye prisar med Skyss – rimelegare å reisa med buss

Skyss kjem med nye prisar frå 15. januar. Det blir billigare å reisa med buss med periodebillett, slår dei fast. Pris på enkeltbillett og 24-timarsbillett er uendra, går det fram av ei pressemelding.

For ein 7-dagarsbillett vil det frå fredag kosta 230 kroner (250) for ein vaksen, 115 (125) kroner for barn og honnør og 140 (150) kroner for student.

Nytt er det også at ungdomsbillett kan no nyttast i heile Vestland, den kostar 370 kroner for ein månad (400 kroner før prisendringa).

Når det gjeld båtruter i Nordhordland, Sunnhordland og Austevoll, vil dei få ein prisauke på 2,5 prosent.

Pristabell frå 15.01.21

Billettype Pris for ei sone 2020  Ny pris for ei sone 2021
Enkeltbillett
Vaksen 39 39
Vaksen, kjøpt om bord 60 60
Barn/Honnør 20 20
Barn/Honnør, kjøpt om bord 30 30
Militær 39 39
24-timarsbillett 
Vaksen 100 100
Barn/Honnør 50 50
7-dagarsbillett
Vaksen 250 230
Barn/Honnør 125 115
Student 150 140
30-dagarsbillett
Vaksen 800 735
Barn/Honnør 400 370
Student 480 440
30-dagars ungdomsbillett 400 370
180-dagarsbillett
Vaksen 4000 3675
Barn/Honnør 2000 1840
Student 2400 2205